Flott nasjonaldagsfeiring!

17. mai 2026 føyer seg inn i rekka av godt gjennomførte feiringar på Bokn.

Bildet viser 17. mai-toget på veg rundt Boknatun. - Klikk for stort bilete17. mai-toget på veg rundt Boknatun. Anne Tove Øvrebø

Av komitéleiar Rannveig F. Øvrebø

Som leiar av årets 17. mai-komité vil eg på vegne av komitéen retta ei stor takk til alle for ei flott gjennomført feiring på Bokn. Med strålande vêr, fullt hus i Bokn Arena og stor deltaking gjennom heile dagen, blei det ei minnerik markering for både store og små. 

Dagen starta med båtkortesje med rundt  27 båtar, før gudsteneste og det tradisjonelle 17. maitoget samla mykje folk og masse heiarop. Takk til trommekorpset for takt og rytme og til barnehagen og skuleelevane som skapte mykje liv og røre i toget. 

Eit ekstra fint innslag i år var musikkinnslag for bebuarane på sjukeheimen. Det betyr mykje å kunne inkludera alle i feiringa. 

Bilde frå kannekastinga. - Klikk for stort bileteKjekt og populært med kannekasting. Anne Tove Øvrebø

Tilbakemeldinga var at det blei ei veldig fin stund.

Fint og høgtideleg

I Bokn Arena var det flotte musikkinnslag og appell frå scena, som bidrog til ei fin og høgtideleg ramme rundt feiringa. 
Nytt av året var kannekasting, som viste seg å bli eit svært populært innslag. Det var mange som ville prøva seg. Me håpar dette kan bli ein tradisjon vidare.

Me ynskjer å trekkja fram dugnadsinnsatsen frå innbyggjarane. 
Ei 17. mai-feiring er ekte dugnad. Når folk stiller opp, får me til ei fin feiring for heile bygda.

Bildet viser Tiril Fjeld ved talarstolen - Klikk for stort bileteFesttale ved Tiril Fjeld. Anne Tove Øvrebø

Me vil óg retta ein ekstra takk til årets festtalar, Tiril Fjeld, for ein flott og inspirerande tale, som sette en fin tone for dagen.
Etter årets feiring går stafettpinnen vidare til neste års leiar😊

Helsing Rannveig F. Øvrebø

Glimt frå dagen: