Gir gamle materialar nytt liv

Etter 40 år som Nordsjøarbeidar har Rune Vatnaland pensjonert seg, men pågangsmotet, skapargleda og engasjementet for å gjera Bokn til ein kjekk stad å bu, har han framleis med seg.

Bilde av Rune Vatnaland med sin siste kreasjon. - Klikk for stort bileteRune Vatnaland med sin siste kreasjon. Jardar Havikbotn

Den siste kreasjonen til Rune Vatnaland blei denne veka plassert ved inngangen til Boknatun. Inspirasjonen har han henta frå songen «Blåbærturen» av Alf Prøysen.

Dei som kjenner songen godt, vil kanskje legga merke til at det manglar noko i kunstverket. Ved sida av koppen og lokket skulle det nemleg også vore eit spann.

– Eg må først finna noko å laga spannet av, så skal det også koma på plass, fortel anleggsmaskinmekanikaren.

Som i mange av dei andre prosjekta hans, er det gjenbruk som står i sentrum. Alt i kreasjonen er laga av restar og materialar som elles kunne enda på søppelfyllinga.

Koppen og lokket er laga av røyr frå nedlagde Bokn Plast. Hanken på koppen er henta frå ei gammal hylle frå gamle Bokn skule, medan blåbæra er laga av trålkuler. Og sjølvsagt har han måla kommunevåpenet og kommuneblomen, kusymre (kusom på dialekt) på han.

Fiksar - og finn opp ting

65-åringen, som fekk kulturprisen i 2019, har mastergrad i dugnadsarbeid, og er kjend for å fiksa opp i ting rundt om i kommunen. Han seier han får energi av å laga ting - få gjort ting.

Bildet viser Rune i aksjon med pakningsringhaldaren. - Klikk for stort bileteRune i aksjon med pakningsringhaldaren. Privat

-Eg har lyst at det skal sjå flott ut rundt oss og at ting skal vera bra – at det skal vera kjekt på Bokn, fortel han. 

Nokre døme på prosjekt han står bak er traktoren som er delt i to ved eit hus på garden til Elly og Ottar Borgenvik, dei tre bukkene Bruse på Turstien, ulike prosjekt i barnehagen og Noregs største termometer - som var plassert ved gjestehamna i Føresvik eit halvt års tid. 

Andre kreative produkt er figuren Julius, blyantar for store bokstavar, stort kommunevåpen under arbeid og kvern for resirkulering av verktøy - sjå foto i bildegalleriet nedst i denne artikkelen.

Pakningsringhaldar

Rune har også ei oppfinning; eit verktøy som er i bruk på plattformar - til å montera pakningsringar i flenser. Pakningshaldaren gjer at ein unngår å klemma fingrane. 

Oppfinnaren, som også er med i Bokn Event, var godt involvert i store prosjekt som oppføring av klubbhuset til Bokn IL, lys på Turstien, nye omsorgsbustader/ombygging og utviding av sjukeheimen og i arbeidet med ny skule.

Makalaust!

Under foto av nokre av Rune sine kreative prosjekt: