Helsingar og teikningar til kong Harald og kongefamilien
Barn i skule og barnehage set ord på sorg og omsorg etter kong Haralds død – gjennom samtalar, helsingar og teikningar.
Lilja Sofie Mæland
Barna på Bokn har vore opptekne av kong Haralds død. Gjennom samtalar har dei fått undra seg over sorg, omsorg og det å mista ein konge. Mange har også uttrykt tankar og kjensler gjennom helsingar og teikningar, særleg med omsorg for dronning Sonja og kongefamilien.
Helsingane og teikningane blir sende til Statsforvaltaren saman med kondolanseprotokollane frå folket på Bokn. Her deler me eit lite utval av teikningane:
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 11.09.2026 12.11