Kaiområde på Austre Bokn

Eit område for mogleg hamneutbygging i Bokn har fått mykje merksemd. Her forklarar ordføraren litt om prosessen.

Av ordførar Osmund Våga

Dette er eit område som i mange år har vore sett av til hamneformål i kommuneplanen utan at det har skjedd noko med det.

Dersom nokon er imot at det skal byggast hamn her, enten det er politikarar eller andre innbyggarar, har dei hatt moglegheit til å gi innspel til kommuneplanen for å foreslå at me tar det vekk. Me har ikkje mottatt noko slikt forslag til den kommuneplanen som er under behandling no.

No har me vore i kontakt med Karmsund havn, som ser etter område for hamneutbygging i samband med havvindprosjekt. Sidan dette er sett av til hamn, er det eit område dei vurderer.

Utvikling av Bokn

Me har fått kritikk for at dette vil øydelegge naturverdiar og landbruksjord. Andre interesser kan vere friluftsliv, jakt og fiske, kultur, næring, samferdsel osv.

Dette er omsyn som me vurderer, og som Senterpartipolitikar er spesielt jordvern viktig for meg. Men det er litt av politikarane sine oppgåver å vurdere ulike omsyn opp mot kvarandre.

Og eg meiner omsynet til utvikling av Bokn, til næring, aktivitet, arbeidsplassar, inntekter må vege tungt her - sjølv om det vil ta store areal. Det er litt av prisen for eit moderne samfunn, det vil gå areal til vegar, flyplassar, kaiar, industri.

Me er generelt positive til at folk vil få ting til på Bokn, og prøver å tiltrekke oss aktivitet.

Flott at folk engasjerer seg

No er det snart val, då får me ta dette opp til debatt og folk får stemme på dei kandidatane som ein er mest einige med i slike saker. Dette er ikkje noko eg og kommunestyret kan vedta aleine. Me legg til rette.

Både grunneigarar, Karmsund hamn, politikarar, statsforvaltar osv. må vere einige for at det kan bli noko av.

Undersøking

gimening.no

Me har ei moglegheit til at folk i Bokn kan seie meininga si om aktuelle saker. Det er ein app som heiter GiMening., og eg vil køyre ei undersøking om dette snart.

Så dei som vil ha moglegheit til å seie meininga si her må registrere seg i appen. Det kan du gjere her:

Registrering, Gi mening Bokn

Helsing
Osmund Våga
Ordførar i Bokn