Kjære boknarar.
Nå har me vore gjennom to vanskelege år med korona og nedstenging av samfunnet. Men sjølv om det framleis er ein del tilfelle, ser me nå enden på det, og kan begynne å sjå framover igjen.
Eg vil takke alle tilsette som har stått på i denne tida og sørga for at kommunen har fungert. Me har kunna oppretthalde tenester og vaksinert befolkninga.
Mot pluss
Økonomisk var me redde for at me kom til å gå med underskot i år p.g.a. høge koronautgifter og dyr straum. Difor vedtok me i formannskapet at me ikkje kan bruke pengar på felles fyrverkeri til nyttår.
Men nå fekk me på slutten av året ekstra koronamidlar og ei stor utbetaling frå Havbruksfondet, så då ordna det seg med økonomien. Nå ser det ut til å gå i pluss likevel.
Mot det normale
Nå har samfunnet begynt å komme tilbake til det normale. Me har hatt mange arrangement i Bokn Arena i det siste, som revy, julemesse, cheerleading-juleshow, julekonsert, nattcup i volleyball og julemiddag for ungdom. Snart blir det julebord, det gler me oss til.
Julegrantenning utanfor Boknatun er også populært, her er det sanitetsforeninga som arrangerer. Det er kjekt å sjå at frivillig arbeid og kulturaktivitetar kjem i gong igjen, det er med på å lage eit godt lokalsamfunn.
Flyktningar
Ei stor endring frå tidlegare er at sidan det er krig i Ukraina, har me motteke 15 flyktningar derifrå.
Det er fyrste gong det har kome flyktningar til Bokn. Her har boknarane gjort ein stor innsats med å ta imot dei, gjere klar leiligheiter og inkludere dei i samfunnet. Neste år vil me bli bedne om å ta imot fleire, og det skal me klare.
Eg vil takke for innsatsen og omtanken, og oppfordre til at ein inviterer våre nye innbyggarar med på arrangement, og i frivillige organisasjonar, for å inkludere dei vidare.
Ny skule
I kommunen har me hatt fokus på bygging av ny skule. Han er ferdig etter nyttår, og me planlegg opning når alt er på plass i slutten av januar. Det har vore ei utfordring for lærarar og elevar å ha skule i mellombelse lokale i snart to år, eg vil takke dei for tolmodet, men nå gler alle seg til å få flytte over i ein ny flott skule.
Ellers har me fått på plass dagsturhytte i Kongshamn. Ho er blitt populær, og eg treffer mange folk om eg tar ein tur ut dit. Nå skal me få på plass ein betre veg ut.
Klatrepark i Føresvik er også på plass og er populær blant barn og ungdom. Utbygging av vassverk er snart ferdig, og då skal alle ha moglegheit til å få kommunalt vatn.
Budsjett
Me har nettopp vedteke budsjett for 2023. Ein del av prioriteringane er oppgradering av kommunale vegar, solceller for energisparing og ekstra midlar til kulturskule.
Her har me også sett av midlar til oppgradering av veg og parkeringsplass til nærmiljøanlegget i Alvestad. Nå er anlegget oppgradert med ny sandvolleyballbane, så da bør veg og parkeringsplass også vere i god stand.
Stor aktivitet
I tida framover blir det arbeid med kommuneplan, som skal vere ferdig til hausten. Her er det viktig å få på plass nye areal til både bustadbygging og næring.
Me gjer oss klare til at Rogfast startar opp. Det er inngått kontrakt mellom Vegvesenet og Skanska, og me har bedt om eit møte med dei etter nyttår for å sjå korleis dei vil organisere arbeidet her. Holmen-prosjektet i Føresvik kan då også starte opp, dei ventar på stein frå Rogfast.
Begge desse prosjekta vil føre til auka aktivitet i Bokn, og forhåpentlegvis også bidra til ein auke i folketalet på sikt.
Ny E39 over Bokn er også under planlegging. Det ligg lengre fram, men vil ha stor innvirkning på Bokn. Her vil planane bli lagt ut på høyring ein gong neste år.
Me ser positivt på framtida, det er mykje som skjer både på Bokn og i regionen rundt.
Så då vil eg takke for det året som har vore og ønske alle eit godt nytt år.
Helsing
Osmund Våga