Sommarhelsing

Her kjem ein statusrapport frå ordføraren.

Av ordførar Egil Våge

Kjære boknarar!

Det nærmar seg sommarferie, og her kjem ein lita oppdatering på kva som skjer seg i kommunen vår.

Økonomi/budsjett

Tysdag 18.06. var siste kommunestyremøte før sommarferien. Der blei rekneskap og årsmelding gått gjennom og godkjent. Dette gir ei god oversikt på kommunen sin drift og økonomi.

Rekneskapet viser at det er god økonomi i kommunen. Resultatet blei betra enn forventa, med eit netto driftsresultat på 4,45 mill. kr som er 3,17 % av driftsinntektene.

Takk til dei tilsette i kommunen for godt arbeid med forsvarleg drift og eit godt rekneskap.

Kommunestyret vedtok og å auka næringsfondet med kr 300 000 og frivilligfondet med kr 100 000.
Dette for å visa at me satsar på næring i kommunen og samtidig støttar opp om den gode frivilligheita som er i kommunen.

Frivilligheita står sterkt i kommunen vår og er viktig for å få til gode kulturtilbod, fritidstilbod og ikkje minst trivsel.
Frivilligheita er viktig for å skapa eit godt bumiljø på Bokn!

Rekneskap 2023 (PDF, 297 kB)

Årsmelding 2023 (PDF, 930 kB)

Leikeområde og terrasse

Ein god barnehage er viktig for Bokn. Nytt uteområde i barnehagen er eit prosjekt det er sett av pengar til, og Teknisk er nå i gong med prosjektering og innhenting av tilbod.

Bilde frå kulturskulekonserten tidlegare denne månaden. - Klikk for stort bileteFrå kulturskulekonserten tidlegare denne månaden. Egil Våge

Eit nytt flott uteområde vil gje barnehagen eit etterlengta løft, og ikkje minst at ungane får eit nytt og spennande leikeområde.
Eit anna prosjekt som det er sett av pengar til og som er i gong, er ny terrasse på sjukeheimen, den gamle terrassen blir riven og ny terrasse blir bygd.

Skulen

Den nye skulen har no vore i bruk i eit års tid og ting begynner å setta seg. Det er gjort mykje bra arbeid i og rundt skulen som eit viktig ledd i å få eit godt skule- og læringsmiljø.

Bokn skule gjorde det svært bra i “Fylkesmesterskapet for elevbedrifter 2024” som blei arrangert i Haugesund i april.
Elevane som var med her stakk av med heile 4 prisar! Gratulerer, her er det mange kreative elevar med gode forretningsidear.

Kulturskuledelen er og godt i gong, der me nettopp hadde ein flott konsert med elevane på kulturskulen. Her er det kurs og aktivitetar for ein kvar smak.
Me gler oss til fortsetjinga.

Rogfast

Bilde frå buss ned i tunell. - Klikk for stort biletePå veg ned i tunellen. Egil Våge

Tunelldrivinga i Rogfast går sin gang og ein ventar at det blir gjennomslag på Laupland i september/oktober. Steinmassane ser me dagleg blir frakta med lekter til Føresvik og Nyholmen og til Husøy på Karmøy.

Eg var óg så heldig å få vera med ein tur ned i tunellane og sjå kor langt arbeidet er kome. Det er sprengt ut ca. 4 000 meter i kvart av hovudløpa.

Nyholmen

Her ser ein nå steinmassane kjem opp av sjøen og «Nyholmen» blir meir og meir synleg. Anleggsaktiviteten tek sommarferie i perioden 06.07 – 29.07.
Arbeidet med ny butikk og riving av Bokn Plast- bygningen er under planlegging. Her vil det koma meir informasjon på eit seinare tidspunkt.

Ny brannstasjon på Bokn

Bokn kommune har kjøpt tomt i Knarholmen for framtidig brannstasjon i Bokn. Tomta vart vurdert som den beste tomta strategisk av Haugaland Brann og redning.

Det skjer mykje på Bokn og me går spennande tider i møte.

Vil med dette ønske alle ein riktig god sommar!