Dersom du flyttar frå ein kommune til ein annan, eller frå ein bustad til ein annan innan same kommune, må du i følge lov om folkeregistrering melde flytting. Dette kan du gjere på nett der du og finn meir informasjon om regleverket om flytting - korleis du skal registrera ny adresse og fristar du må vere obs på, sjå www.skatteetaten.no
Dersom du ikkje har tilgang til PC, kan du henvenda deg til Servicetorget i Bokn kommune ( tlf. 52752500) så vil vi gje deg informasjon om korleis du kan melda flytting enten ved å fylle ut eit flytteskjema på papir eller du kan komme innom Servicetorget og melde flytting via vår publikums-pc.
Publisert av Gro Sørensen
Publisert 26.05.2015 23.06