Bli med på COS-P kurs/trygghetssirkelen!

Security – Parenting (COS-P), Trygghetsirkelen - Klikk for stort bileteSecurity – Parenting (COS-P), Trygghetsirkelen circleofsecurity.net

Bokn kommune tilbyr småbarnsforeldre kurs i programmet Circle of Security – Parenting (COS-P), Trygghetsirkelen.

Dei fleste foreldre vil i periodar oppleve kjensla av å ikkje strekke til. Minstebarnet græt, og du forstår ikkje kvifor. Treåringen vrir seg på golvet i protest og du lurar på om du skal gi nærleik, gi etter eller setje grenser. Du er ikkje åleine om å vere usikker. Kva er det eigentleg barnet mitt vil fortelje meg?

 

Security – Parenting (COS-P), Trygghetsirkelen - Klikk for stort bileteSecurity – Parenting (COS-P), Trygghetsirkelen circleofsecurity.net

  Kurset legg vekt på trygg tilknytting mellom foreldre og barn. Det er ein nøkkel for å fremja sunne relasjonar og god psykisk helse hjå barnet.

 

Målgruppe

Småbarnsforeldre busette i Bokn kommune med barn mellom seks månader til fire år.

Om kurset

Circle of Security – Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram som er basert på 50 års forskning innanfor tilknyttingsteori.

Hensikten med kurset er å gjere foreldre meir bevisste på å sjå, tolke og møte barnets behov og bli bevisst på eigne haldningar, kjensler og handlingar i samspelet med barnet sitt. Kurset er delt opp i kapittel, der me brukar filmklipp av andre foreldre og barn som utgangspunkt for dagens tema, reflekterar i gruppa og gir rettleiing. Kurset blir gjennomført utan barn tilstades.

Kurset er gratis.

Kurshaldarar er Henriette S. Lindanger og Oddrun Nilssen, som begge har COS-P-sertifisering.

Kvart kurs består av 7 gruppesamlingar, som varer 1,5-2 timar. Me vil oppmoda begge foreldre til å vere med, viss det er mogleg.

Kurset vil foregå i allrommet på Boknatun på tysdagar:

18. oktober - 29. november kl. 19 - 21

Bindande påmelding innan 30. september på mail: henriette.lindanger@bokn.kommune.no