Rådgjevande eining for russaker

Stortinget vedtok 7. juni 2021 ny § 3-9 b i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, om etablering av rådgjevande einingar i kommunane.  

«Kommunen skal ha en rådgivende enhet for russaker. Denne enheten skal ha ansvaret for å møte personer når oppmøte for enheten er satt som vilkår for en bestemt strafferettslig reaksjon, inkludert gjennomføre ruskontroll etter straffeloven § 37 første ledd bokstav d dersom det er satt som vilkår.

Departementet kan gi nærmere forskrifter om den rådgivende enheten, blant annet om organisering og tjenestens innhold, inkludert formidling til og samhandling med andre tjenester og om kommunens behandling av opplysninger i slike saker».

Dersom du vert teken for å bruka, eller ha mindre mengder illegale rusmiddel tenkt til eigen bruk, kan du måtte møta hos kommunal rådgjevande eining for russaker. Det er påtalemyndigheita som vedtek om du skal møta her i staden for fengselsstraff eller bot. 

Ved oppmøte vil den einskilde få tilpassa informasjon, råd og rettleiing knytt til moglege konsekvensar kring  bruk av rusmidlar og informasjon om kva hjelpetilbod som finns, samt få tilbod om tilrettelagd individuell oppfølging.

Rusmiddeltesting kan i nokre tilfelle setjast som vilkår for påtaleunnlating, og det vil i desse høve vera den rådgjevande eininga som har ansvar for at slik testing vert utført. 

Dersom det er ønskjeleg med vidare oppfølging vil dette skje i det ordinære tenestetilbodet. Den rådgjevande eininga kontaktar aktuelle instansar etter samtykke frå den einskilde. 

Innhald frå møte i rådgjevande eining samt eventuelt svar på rusmiddeltest blir ikkje journalført i kommunen sitt journalsystem, registrering av oppmøte samt eventuelt testresultat er personsensitive opplysningar og lagrast i samsvar med dei krav som gjeld for slike opplysningar.

I Bokn kommune er rådgjevande eining for russaker organisert i koordinerande eining helse.

Kontaktinformasjon

Leiar koordinerande eining: Anne Grethe Amdal Osvåg, telefon 468 61 866  e-post annosv@bokn.kommune.no

Psykisk helse- og rustenesta: Miriam Berland, telefon 404 10 570   e-post miriam.berland@bokn.kommune.no

Meir informasjon:

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) - Lovdata

Lov om straff (straffeloven) - Kapittel 6. Fengselsstraff - Lovdata