Vil du bli DJ?
DJ. Demonstrasjonsbilde.Her får du opplæring i det du treng for å kunne bli ein utøvande DJ!
Undervisninga vil blant anna gi opplæring i mixing, beatmatching, scratching og digital programvare.
Les meir om kurset her: DJ-kurs beskrivelse (PDF, 22 kB)
Du treng ikkje forkunnskapar for å kunne delta, men du må ha Ipad eller PC/MAC og brukarkonto på musikk-strømmetenesta, Tidal.
Du vil få hjelp med innstallering av app/programvare.
Det kan vera ein fordel å investera i DJ-kontroller for autentisk jobbing og læring, men det går fint å starta utan og jobba via app/program på Ipad/PC/MAC - og eventuelt kjøpa DJ-kontroller etter kvart, om det er ønskeleg.
Avgrensa med plassar.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kulturskulen.
- Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19.00.
Individuell undervisning, 20 minutt leksjon pr. veke.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Eigenandel/pris pr. semester:
Kr 1 300.
Påmeldinga er bindande.
Du får svar om du har fått plass etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Instruktør:
Donald Sefa.
Søk her