Søk barnehageplass i Bokn barnehage

Alle som er fødde innan 30.11.2022, og ynskjer plass i 2023 har rett på plass frå august. Frist for å søke barnehageplass er 1. mars 2023.

Søk barnehageplass her

Bildet viser grillaktivitet. - Klikk for stort bileteGrillaktivitet. Bokn barnehage

I vår barnehage har vi rom for alle, og samhandlinga med barn skal vere prega av tryggleik, varme, omsorg og støtte etter barnet sine behov.

Kommunens formål som lokal barnehagemynde er å sørge for at barnehageeigar fylgjer barnehagelova slik at alle barnehagebarn går i ein trygg barnehage der barna kan leike og lære.

Kven har rett til barnehageplass?

  • Alle som er fødde innan 30.11.2022 og ynskjer plass i 2023 har rett på plass frå august. Fristen for å søke er 1. mars 2023. Du er garantert plass til nytt barnehageår om du søker innan denne fristen. Nytt barnehageår startar opp 15. august.
  • Du kan søke om barnehageplass i Bokn kommune sjølv om du ikkje er eller planleggjer å bli innbyggar i kommunen. Vi tilbyr plass dersom vi har ledig.
  • Du kan og søke barnehageplass 15. august (oppstart 1.november) eller 01. november (oppstart 1. januar) men er då ikkje garantert plass.
  • Tildeling av plass skjer etter gjeldande reglar for opptak.


Søknad om barnehageplass

Søknaden må sendast elektronisk, direkte frå søknadsportalen på kommunen si nettside.

Ta kontakt med styrar i Bokn barnehage dersom du trenger hjelp. Se kontaktinfo under.

Når søknaden er send, vil du få ei bekrefting på den epost-adressa som du har oppgitt i søknaden. 

Dersom du søkjer om plass 4 eller 3 vekedagar

Dersom du søkjer om plass 4 eller 3 vekedagar, og det er viktig for deg å få akkurat dei vekedagane du har kryssa av på søknadsskjemaet, bør du skrive ei grunngjeving.

Dersom du kan vere godt nøgd med alternative dagar, er det fint om du også fyller ut ønske nr 2 og eventuelt nr 3.

Må du søkje på nytt dersom barnet ditt har plass i barnehagen frå før?

Barn som ikkje er busette i Bokn får berre plass for eitt år om gongen og foreldra må søkje på nytt for kvart barnehageår.

Barn som er busette i Bokn er tildelt plass fram til og med 14. august det året dei startar på skulen. Foreldra treng ikkje søkje på nytt, anna enn dersom dei ønskjer å utvide eller redusere storleiken på plassen. Det skal då nyttast endringsmelding i søknadsportalen på kommunen si nettside.

Når får du svar på barnehagesøknaden?

Du får svar innan 15. mars.

Svaret blir sendt digitalt via Altinn eller Digipost.

Du svarer på tilbudd barnehageplass inne i Altinn eller Digipost.

Kontaktinfo

Styrar: Kate Åse Helgø
E-post: kathel@bokn.kommune.no
Mobil: 482 54 428

Sjå vedtektene her (PDF, 128 kB)

Søk barnehageplass her