vekt på sykkel, osv. Difor var det mange dommarar, utsendt frå Norges Cycleforbund som overvåka og kontrollerte at ingen juksa. På fellesstarten var det dommarar i bilane som overvåka rittet.
Verdsklasse
Den største profilen av deltakarane var Susanne Andersen frå Stavanger SK. Ho er ei av verdas beste syklistar i K Junior-klassen. I tillegg deltok Jone Ellingsen frå Sandnes, som i ei årrekke har vore blant Noregs Topp 20-syklistar. Han har m.a. vunne alt av dei store turritta, som t.d. Trondheim-Oslo. Rittleiaren er heller ikkje i tvil om at det var mange unge syklistar med i helga som me kjem til å høyra mykje av i framtida.
![Lokale motorsyklistar var med og hjelpte til.](/handlers/bv.ashx/i872c5691-e463-4f78-9f52-aede19c6a8c1/w100/IMG_5454.JPG)
Kjell Olav hadde med seg 5 andre personar i rittleiinga, på bilane og motorsyklene var det 12 sjåførar, og det var 6 dommarar begge dagane.
Vaktsjef Helge Kristian Nilssen fortel at det var 12 vaktar ute på postane på laurdagen og 17 på sundagen. Han var nøgd med at folk, med nokre få unntak, fulgde vegrettleiingane frå vaktane og at trafikken gjekk godt då ritta blei gjennomførte.
Leiar i sykkelklubben, Lars Øyvind Alvestad, var godt nøgd med mykje folk og god stemning på Kyrkjebygd. Han fortalde om ein avtale med eit hotell og at fleire av deltakarane overnatta der.
Imponerande av BSK
Nok ein gong har sykkelklubben fått mange positive tilbakemeldingar om eit godt gjennomført arrangement. Og klubben har igjen vist at ein liten klubb kan ta på seg eit slikt stort arrangement. Fleire i klubben treng arrangementserfaring og etter denne helga har mange fått opp kompetansen.
![Rittleiar og speaker Kjell Olav Skjelde hadde ei travel helg.](/handlers/bv.ashx/idcb2caf9-22ed-4e1c-bea0-224d6f64f97a/w100/IMG_5455.JPG)
- Me som satsar på dei yngste, synest det er morosamt å arrangera slike ritt der dei yngste klassane er med, seier Kjell Olav, som også er nøgd med at dei i tillegg får profilert klubben for heile regionen.
Han er full av takksemd til alle som bidro til at det blei ein sykkelfest. Nokon har bakt 200 boller av ulike sortar til kiosken, andre har stått vakt heile helga, motorsyklistar, billistar, m.m. Han vil også takka alle som lagde liv i løypa og alle trafikantar som viste tålmod.
Kr. 30.000
Under arrangementet på laurdagen delte Lene Foss ut, på vegne av Sparebanken Vest, kr. 30.000 til BSK.
Desse midlane er øyremerka tidtakarsystem. Nå treng ikkje sykkelklubben leiga dette lenger, men kan investera i sitt eige.
Planar framover
Årets hovudmål for Juniorane er NM i landeveissykling i Bodø 19. – 26. juni, og nå blir det full fokus på desse førebuingane. Klubbens yngste skal på sykkelcup til sørfylket i midtvekene framover, samt Nærbø GP. Hovudmålet deira i år er Ringerike Petit GP på Hønefoss.
![Fleire måtte bryta i den knallharde løypa rundt Grønnestad. 7-8 rundar blei i hardaste laget for enkelte.](/handlers/bv.ashx/i9db32795-e7a1-4171-8a1f-6a065b4b7fa5/w100/IMG_5452.JPG)
BSK skal begynna med nybegynnartreningar igjen, der dei håpar nye unge kjem og prøver klubbens racersyklar.
- Eldre er også velkomne til torsdagstreninga, der me held eit tempo som alle klarar å halda, avsluttar rittleiar Kjell Olav Skjelde.
Den aktive sykkelklubben arrangerer også gatecup på Gokartbanen på Årabrot. Der er det klassar for alle som vil, og neste runde er 3. juli. Meir info om dette finn du på boknsk.no
I Bokn Bygdablad for juni kan du også lesa om nokon av klubbens yngste, samt ein av dei frivillige medhjelparane.
Sjå fleire bilder frå meisterskapet.