BOKN KULTURSKULE

Logo Bokn kulturskule, designa av Anne Tove Øvrebø

Søk plass for skuleåret 2024/2025!

Søknadsfrist 15. juni.


Hugs at du må re-registrera deg for å halda på plassen din frå i år. Det gjer du ved å senda inn vanleg søknadsskjema.


Bokn kulturskule kan tilby kjekke og spanande undervisningstilbod og kurs for barn, ungdom og vaksne frå 1. klasse og oppover.
Her får du god undervisning og opplæring av dyktige instruktørar, i topp moderande kulturskulelokale - til svært hyggelege prisar!

Bli ein del av det fine miljøet og ver med på å skapa eit levande og rikt kulturliv i bygda vår. 

Vil du læra for hobbybruk og glede heime,-  eller vil du bli artist, kunstnar eller musikkstjerne?
Uansett startar det på Bokn kulturskule! 
Du bestem sjølv kor langt du vil nå! 
Du har valet, me har moglegheitene!

Håpar på god pågang, slik at me kan halda fram med å utvikla tilboda i kulturskulen.
 

Følg gjerne Bokn kulturskule på Facebook og Instagram for oppdatert info om nye kurs, aktivitetar og nyheiter.
 
 

DET ER FOR ØYEBLIKKET TEKNISKE PROBLEMER PÅ SIDA. ME JOBBAR MED PROBLEMET. DET GÅR UT INFORMASJON STRAKS DET ER I ORDEN. 

 

LENKE TIL INFO OM UNDERVISNINGSTILBOD OG PÅMELDING UNDER BILETA
 

Bildet viser: Pianoundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Bildet viser: Slagverkundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Bildet viser: Bassundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Bildet viser: Gitarundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Bildet viser: DJ. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Fløyteundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Bildet viser: Song-/vokalundervising. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Bildet viser: Bandundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Bildet viser: Bandundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Bildet viser: Boknakoret. Demonstrasjonsbilde.  - Klikk for stort bilete
Bildet viser: Teiknekurs 1. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Bildet viser: Teiknekurs 2. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
Bildet viser: Teiknekurs 3. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bilete
UNDERVISNINGSTILBOD OG SØKNADSSKJEMA

Som elev i Bokn kulturskule har du førsterett på plass på dei instrumenta/aktivitetane du allereie går på, så lenge du re-registrerer deg innan fristen. Du re-registrerer deg ved å senda inn vanleg søknadsskjema.


Har du spørsmål, sjekk gjerne  “Ofte stilte spørsmål”, som du finn som eiga lenke lenger nede i menyen.
Finn du ikkje svar på det du lurer på, kan du ta kontakt på e-post anne.tove.ovrebo@bokn.kommune.no eller tlf. 90 03 15 18 (måndag-fredag mellom 10:00-16:00).
 

UNDERVISNINGSTILBOD og KURS:

 

Klikk på kvart av tilboda under for informasjon om aktiviteten og lenke til skjema for påmelding. 



BASS (frå 3. klasse)
 

FLØYTE (frå 1. klasse)


GITAR (frå 3. klasse)


PIANO (frå 1. klasse)


SLAGVERK (frå 3. klasse)


SONG/VOKAL: Songgruppe/duo (1. - 4. klasse) og Solosong (frå 4. klasse)


DJ  (frå 1. klasse)


BAND (frå 5. klasse)


GITAR I GRUPPE (frå 8. klasse)


BOKNAKORET (frå 8. klasse)


TEIKNEKURS 1 (for 1. - 4. klasse)


TEIKNEKURS 2 (for 5. - 7. klasse)


TEIKNEKURS 3 (for ungdom og vaksne)

 

OFTE STILTE SPØRSMÅL
Når er søknadsfristen?


Søknadsfrist for elevplass ved ordinært opptak er 15. juni. 
Portalen for påmelding er open heile året, men søknadar som blir sendt inn etter fristen, kjem lengre ned på ei eventuell venteliste. 

 

Må eg søka på nytt kvart år?


Ja, du må re-registrera deg/melda deg på for kvart år. 

Som elev i Bokn kulturskule har du førsterett på plass neste skuleår dersom du ønsker å halda fram med undervisninga på instrumentet/aktiviteten du allereie går på. Dersom du skal få rett til å behalda plassen din, er det viktig at du sender inn re-registrering/påmelding for påfølgande skuleår innan fristen, som er 15. juni. Du re-registrerer deg ved å senda inn vanleg søknadsskjema.

 

Er undervisninga også for vaksne?


Ja, Bokn kulturskule tilbyr også plass for vaksne, så lenge undervisningstilbodet ikkje oppgir anna.
Søkarar over 21 år får plass ved ledig kapasitet, eller på tilbod som rettar seg spesielt mot vaksne.
Søkarar busette i kommunen har førsterett på plass.

 

Eg står på venteliste, kva skjer vidare?


Dersom du har søkt på eit fag som det av ulike årsakar ikkje er ledig plass på for øyeblikket, vil du bli sett på venteliste. Du vil bli kontakta så snart det eventuelt blir ledig. Dersom du ikkje får plass på faget du har søkt på, vil du få råd om andre alternativ, dersom det er ledige plassar. 



 

Eg har fått beskjed om elevplass, men tida passar ikkje.


Har du fått undervisningstime i eit tidspunkt som ikkje passar, sender du ein e-post til anne.tove.ovrebo@bokn.kommun.no, så prøver me etter beste evne å finna ei løysing. 

 

Eg kan ikkje komma til time. Kva gjer eg?


Dersom du er sjuk eller av andre årsakr ikkje kan komma til time, er det viktig at du gir beskjed om dette så snart som råd. 
Send ein sms eller e-post til rektor eller læraren din, slik at han/ho veit at du ikkje kjem.

 

Kva kostar undervisning i kulturskulen?


Eigenandel for undervisning gjeldande frå 01.08.2024:

Pris pr. halvår pr. elevplass:

Individuell undervisning: Kr 1 300.
Gruppeundervisning (under 18 år): Kr 1 084.
Gruppeundervisning (frå 18 år): Kr 1 625.

Nødvendig undervisningsmateriell kjem eventuelt i tillegg.

Prisar for undervisning/kurs som ikkje følger ordinær undervisning, eller som går over kortare periodar, blir berekna ut frå kurset sin art og varigheit.


Søskenmoderasjon: 

Det blir gitt søsken-/fleirfagsmoderasjon på 30 % frå og med elevplass nr. 2.
Det blir ikkje gitt søsken-/fleirfagsmoderasjon på undervisnings-/materialkostnadar.
For at søsken-/fleirfagsmoderasjon skal tre i kraft, må samme person stå som betalar.

Totalsummen blir delt på haust- og vårsemesteret.  Faktura blir normalt sendt ut i oktober/november og mars/april. 
 

Friplass:
Kommunen kan dekka eigenandelen for undervisning ved Bokn kulturskule.
Dersom husstanden kvalifiserer for Bokn kommune si ordning med aktivitetskort, gir det også rett til friplass i kulturskulen. Inntil éin elevplass pr. barn kan bli innvilga. 
Søknad om friplass kan du lesa og søka om her: Aktivitetskort for barn og unge

 

Kan eg få friplass?


Kommunen kan dekka eigenandelen for undervisning ved Bokn kulturskule.
Dersom husstanden kvalifiserer for Bokn kommune si ordning med aktivitetskort, gir det også rett til friplass i kulturskulen. Inntil éin elevplass pr. barn kan bli innvilga. 
Søknad om friplass kan du lesa og søka om her: Aktivitetskort for barn og unge

 

Når er oppseiingsfristen?


Dersom du i løpet av hausten finn ut at du ikkje ønsker å halda fram med undervisninga på vårparten, må du senda inn skriftleg oppseiing innan 15. november.

Ved oppseiing innan 15. november forpliktar du deg kun til å betala for haustsemesteret.

Seier du opp plassen din etter 15. november, må du også betala for vårsemesteret.

 

Korleis seier eg opp?


Då sender du ein e-post til anne.tove.ovrebo@bokn.kommune.no der du seier opp elevplassen.

Ved oppseiing innan 15. november forpliktar du deg kun til å betala for haustsemesteret.

 

Dersom eg sluttar midt i skuleåret, må eg då betala for elevplassen?


Ved oppseiing innan 15. november må du kun betala for haustsemesteret. 
Ved oppseiing etter 15. november må du betala for heile skuleåret.

 

KONTAKTINFORMASJON

 

Logo Bokn kulturskule, designa av Anne Tove Øvrebø

Bokn kulturskule har lokale i tilbygg til Bokn skule, og har eigen inngang (raud dør) på vestsida mot Bokn barnehage og Boknafjellet.


Besøksadresse: 
Boknatunvegen 3, 5561 Bokn.
 

Rektor: Anne Tove Øvrebø
E-post: anne.tove.ovrebo@bokn.kommune.no
Tlf.: 90 03 15 18

 

 

 

 

GJELDANDE VEDTEKTER FOR PLASS I KULTURSKULEN
PRISAR 2024/2025

 

 

Pristabell for ordinær undervisning skuleåret 2024/2025

Pristabell for ordinær undervisning skuleåret 2024/2025
Undervisning Eigenandel/pris pr. semester barn/vaksen (o 18 år)
Instrumental/individuell 1 300
Gruppe 1 084 / 1 625
Moderasjon kulturskulen
Moderasjon
30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste tilbod ved fleiraktivitet. Gjeld alle ordinære undervisningstilbod.

 

 

FRIPLASS


Kommunen kan dekka eigenandelen for undervisning ved Bokn kulturskule.
Dersom husstanden kvalifiserer for Bokn kommune si ordning med aktivitetskort, gir det også rett til friplass i kulturskulen. Inntil éin elevplass pr. barn kan bli innvilga. 
Søknad om friplass kan du lesa og søka om her: Aktivitetskort for barn og unge

 

 

NYHEITER

Artikkelliste