2 års jubileum

På Hognaland går namna Mæland Bygg og Bokn Bygg om kvarandre.

Mæland Bygg har vore på Bokn i to år og vidareført tradisjonen etter Bokn Bygg. 

NYE OG GAMLE EIGARAR: Fv. Annbjørn Bokneberg, Sigbjørn Mæland, Ståle Trosnavåg, Jan Magne Mæland, Alexander Mjølhus, Tor Henning Mæland, Ingolf Are, Magnus Grønnestad og Ottar Håland.

- Me har blitt godt mottatt av mange kjekke kunder, seier dagleg leiar Jan Magne Mæland, og legg til at dei har hatt rundt 2,5 årsverk i bygda desse åra, mest rehabilitering, men også nybygg.

I anledning jubileet er alle samla på Hognaland, både gamle og nye eigarar, som Mæland kallar det.
- Ja, her ute går namna Mæland Bygg og Bokn Bygg om kvarandre, smiler han.

Det merkar eg også når eg ser jubi-leumskaka.
Han set stor pris på at gamlekara frå Bokn Bygg går i miljøet, og har også nytte av dei.
- Annbjørn (Bokneberg) jobbar litt for oss, mykje med gamle kunder. Ståle (Trosnavåg) og Ingolf (Are) jobbar som sjølvstendig næringsdrivande, men kjøper alt materiale gjennom oss, fortel leiaren, og skyt inn at dei har fått mykje hjelp av dei gamle eigarane og hatt ein fin overgang.

50 år  i byggebransjen på Bokn

Det er mykje bygg-erfaring samla på gamle Hognaland skule 11. juni. Ottar Håland (81) fortel at han hadde ei brakke på Håland i 1960-åra, der det som skulle bli Bokn Bygg heldt til. Med seg hadde han Ståle Trosnavåg og Annbjørn Bokneberg. Bokn Bygg blei danna i 1981. Då blei også Magnus Grønnestad med.

Dei leigde Hognaland skule frå 1983, då begynte også Ingolf Are å jobba for dei. Firmaet kjøpte bygget i 1990, som altså blei selt til Mæland Bygg i 2013.

Karane frå Bokn Bygg er svært nøgde med at Mæland Bygg driv verksemda på Hognaland vidare på same måte som dei gjorde, og at dei vil halda fram med å gi eit enkelt og folkeleg servicetilbod til boknarane. Dei set stor pris på å gå i miljøet, og føler seg alltid heime.

- Det er akkurat som før, berre at me slepp papirarbeidet, smiler Annbjørn.