Allrommet på Boknatun

Utleigekjøkkenet i Allrommet på Boknatun.Lesarinnlegg frå Ingunn Are, styremedlem i Bokn pensjonistforening. 

Av Ingunn Are, torsdag 29. oktober 2015

I kveld har Bokn kommune saman med styret i Bokn pensjonistforening hatt fest for eldre. Bjørn Kallevik og Halvard Josefsen underheldt med "Eg fant ein song".

Dette skriv eg for å fortelje korleis me i styret opplevde å bli mottatt då me skulle stelle til festen.

Ragnhild Laupland var innom med smørbrød og kaker ho hadde henta på Aksdal. Døra til allrommet med te-kjøkken var open. Der sette ho inn smørbrøda på benken. Kakene var det god plass til i kjøleskapet. Men døra til hovedkjøkkenet var stengd. På denne døra står det forbudt for andre enn kjøkkenpersonalet. Ho undra seg over det ho såg.

Klokka 3 skulle me møtast for å dekka bord m.m. Underteikna var den første som møtte opp. Eg undra meg over forbudskiltet på kjøkkendøra og gjekk for å finne nokon som kunne fortelje oss kva me skulle gjera. Alt var låst, eg fann ingen. Gjekk då å ringde på dørklokka. Ingen kom ut, men eit vindauga blei opna. Gjennom vindauga fekk eg beskjed om at Mattilsynet hadde stengt kjøkkenet for utleigarar.

Eg blei kort sagt rasande. Ei av personalet lova å låsa opp, men ho vart hindra. Ei anna av personalet kom og gav beskjed om at me ikkje fekk koma inn. Mattilsynet hadde stengt kjøkkenet for utleigarar. Me måtte ned på kommunale kontor og høyra kva me skulle gjera. Der var svaret det same, Mattilsynet hadde stengt kjøkkenet for utleige og det vedtaket måtte aksepterast.

Det eg er så uendeleg skuffa over er:
KORFOR HADDE ME IKKJE FÅTT BESKJED???

Me fekk tillatelse til å vaska opp på hovedkjøkkenet denne dagen.

Sigmund Alvestad som leia festen dikta eit vers som me song:

Me hadde ein gong eit rom
med kjøkken og bord og stol.
Men det var i gamal tid. Kvar er det nå?
Eg berre undrast: Kvar er det nå?

Underteikna legg til:
Det hang ein plakat med samlingane til pensjonistforeninga.
Kvar er han nå?
Eg berre undrast, kvar er han nå?

Dette gidd eg ikkje vera med på lenger.
Takk for meg.

Ingunn Are, kasserar i Bokn pensjonistforening