Anbudsvinnar

Fleirbrukshall-tomta 3. juli 2015.

Fleirbrukshallen: Nå er det klart kven Bokn kommune skal inngå kontrakt med.

Karmøy-entreprenørfirmaet Haaland & Thuestad hadde den lågaste tilbodssummen på kr. 25 017 973,- eks.mva. Før det kan skrivast kontrakt skal Bokn kommune ha ein karensperiode (venteperiode) til 5. august. I denne perioden kan dei andre tilbodarane koma med ev. klage.

Kommunen si prosjektgruppe har gått grundig gjennom alle dei ni tilboda som blei leverte innan fristen 8. juni. Etter forhandlingar med fire av desse er det klart at Bokn kommune har til hensikt å inngå kontrakt med Haaland & Thuestad.