Besøk av Fylkesmannen

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og ordførar Tormod Våga.

Onsdag 9. mars fekk Bokn kommune besøk av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og leiargruppa hennar.

Dei er ute på ein omfattande besøksrunde blant kommunane i Rogaland, for å sikra god dialog mellom kommune og fylkesmann. 
 
– Målet er at me skal vita meir om kvarandre etter desse møta, seier Kleppa.

Fylkesmannen med si leiargruppe, Bokn formannskap og representantar frå administrasjonen i Bokn kommune.
Fylkesmannen med si leiargruppe, Bokn formannskap og representantar frå administrasjonen i Bokn kommune.

 

Nyttig og inspirerande

På den førre turnéen i 2014 var Kleppa fersk fylkesmann og hadde behov for å gjera seg kjent. Nå var det på tide med ein ny besøksrunde i lag med leiargruppa. For Fylkesmannen i Rogaland er det nyttig og viktig å orientera seg om det som rører seg i kommunane. Samtidig er det sentralt å få orientert om kva forventningar dei har, på vegne av regjering og storting.
 
- Arbeidet med kommunereforma var eit opplagt tema, men me var også innom alle dei store samfunnsområda me steller med, påpeiker Kleppa.
 
- Det er svært mange nye folkevalde etter dette valet. Og mange nye ordførarar. Det er avgjerande at me blir fort kjende med kvarandre slik at me sikrar ein god start på eit viktig samarbeid, avsluttar fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.