Bokn bygdemuseum

Bokn bygdemuseum, nordre vegg.

Er me for fattige til å gje fortida ei framtid? Bør ungdomshuset rivast? Lesarinnlegg frå historikar Birger Lindanger.  

Eit ansvar for ettertida? 

I år har det vore tale om å flytta samlingane til Bokn bygdemuseum frå ungdomshuset på Håland for sidan å riva bygningen. Men blir det då slik at me fjernar ein viktig del av bygdas fortid? Er me verkeleg så fattige at me ikkje kan bevara for ettertida eit bygg som har vore så sentralt i utviklinga av Bokn? Det kan då vera rett å kikka nærare på historia til Ungdomshuset. Koss kom dette fyrste av alle forsamlingshusa i bygda til og korfor blei det  ikkje lagt til Føresvik?  

Me må då 115 år tilbake i tida, til 1901 då idealistiske lærarar drog i gong Bokn kristelege Ungdomsforbund. Vitsen med møta der var å vera eit sosialt alternativ til Grutlå og Parken der det åndelege og fråhaldssaka nok ikkje var det sentrale. Det var særleg lærar og klokkar Elleflådt og lærar Smørdal som trødde til med åndeleg oppbyggelege og meir verdsleg ålmenndannande føredrag.  

Ungdomshuset og medlemmar i ungdomslaga kring 1910, bare eit år eller to etter at det blei teke i bruk. Me har her utsyn mot sør.

Snart etter, i 1906, dukka også losjen «Heimfred» opp. Denne foreininga var tilslutta IOGT og med lærarane Guttorm Trahaug og Smørdal som drivkrefter. I åra som fylgde, hamna mest alle boknungdommane i desse foreiningane, sjølv om mange på laurdagskveldane heldt fram med å møtast også i Grutlå og Parken. 

Husløyse 

Ei hovudutfordring for dei to foreiningane var at det mangla eigna møtelokale i bygda. I starten blei det å ty til skulen på Torland der møta blei haldne annankvar søndag. Men frå hausten 1906 nekta heradsstyret å leiga ut skulen.  

Så laut dei finna seg private møtestadar. Same året dukka også Losjen opp som heller ikkje fann eigna lokale. Det var mykje dei same ungdommane som møtte i dei to foreiningane og leiinga var også langt på veg den same. Difor var det ikkje underleg at dei to foreiningane på vårparten i 1907 fann kvarandre i arbeidet for eit eige forsamlingshus.  

Klokka 18 laurdag 3. november 1906  hadde  lærarane Kr. Smørdal og  Guttorm Trahaug – begge med fortid som medlemmar i fråhaldslosjar - invitert boknarane til møte på Torland skule for å skipa ein fråhaldslosje innan IOGT. Med seg hadde dei . Som trekkplaster møtte stortemplar og skulestyrar Arne Halgjem som heldt eit føredrag om kor skadeleg det var med rusdrikk. Avslutningsvis greidde han ut om IOGT og koss ein kunne starta ein lag også i Bokn. Då han var ferdig, spurde han kven som kunne ha interesse av å vera med på å starta ein losje i Bokn også. Av dei 41 møtte blei 21 sitjande. Så tok dei fatt på å strekka kjølen til den nye losjen. Lærar Smørdal føreslo Heimfred  som namn, og det blei samrøystes vedteke. Sidan blei det sett ned ulike utval som skulle ha ansvar for å starta opp lager.  

I denne nordre stova hadde kommunestyret møta sine fram til i 1954. Sjølv om det då bare var tolv representantar, må dei ha sete rimeleg tett.

Laurdagen etter, den 10. november, blei det invitert til konstituerande møte på Torland skule og i eit ufyseleg vêr med storm og regn. Innleiingsvis vedtok ein å halda møta annankvar laurdagskveld medan lærar K. Smørdal blei vald til formann. Stiftingsmøtet blei avslutta ved at Ingebrigt Trosnevåg overrekte ei formannsklubbe med innskrifta ”Heimfred”. 

Losjen mistar skulen, men vinn bygda 

Fjorten dagar etter blei det fyrste ordinære møtet halde på Torland der lærar Smørdal la ut om kor viktig det var med eigen losje for Bokn. Men ei stor utfordring tårna seg opp: Kommunestyret nekta dei to nye laga tilgang til skulen. Ei sak for seg var at austreboknarane klaga over kor langt og strevsamt det var å gå over Vaulen heilt til skulen på Torland. Løysinga frå 8.desember 1906 var då at  Jørgen Jørgensen på Alvestad opna huset sitt for dei. Men snart strøymde det på med så mange nye medlemmar – særleg frå Kyrkjebygda og Austre Bokn -  at dette private lokalet blei sprengt.  

Velvyrde menn arbeide mot oss 

Mange eldre bygdefolket var kritiske til den nye foreininga og mange velvyrde menn arbeide mot oss og spaadde oss ein lok lagnad  heitte det i  den fyrste årsmeldinga til Losjen. Men den unge foreininga let seg ikkje knekka sjølv om kommunestyret nekta dei å nytta Torland skule som møtelokale.  På eit medlemsmøte i februar 1907 tok Losjen opp at det trongst eit eige forsamlingshus for å bli uavhengig av kommunestyret og leige av skulen. Og dette trongst sidan flokken vaks så mykje at det ikkje lenger fanst private heimar som romma han. Om somrane laut difor losjen ty til friluftsmøte, mellom anna i Våga.  

Våren 1907 starta losjen basarar og pengeinnsamling for å sikra seg sitt eige forsamlingshus. I forkant var det hard tautrekking om kvar huset skulle liggja: I Føresvik, Krogjen eller annan stad. «Det var ein svær strid om plasseringa» heitte det sidan. Kompromiss blei ei tomt dei fekk leiga på Håland. Det låg nær staden det i si tid var aktuelt å reisa den nyekyrkja og argumentet var nå som då at dette låg sentralt til i bygda. Elles fekk dei litt støtte frå kommunen til arbeidet mot at ei lita stove i nordre kanten av bygget skulle vera kommunestyresal. I 1908 kunne så bygginga ta til.  

Fram til sommaren 1909 fekk Losjen rett nok disponera eit hus i Alvestadkroken. Men det var lite og ueigna for møteaktiviteten. Dessutan var det usikkert kor lenge Losjen fekk bruka det. Difor var det stas den 15. august 1909 då Losjen for fyrste gong tok i bruk Ungdomshuset på Håland.  

Ungdomshuset sett mot nord i samband med vølingsarbeidet kommunen gjennomførte i 2009.

I dei neste par generasjonane var Ungdomshuset det heilt sentrale bygget for boknarane når noko skulle skje. Det var både kulturhus, kommunehus, banklokale, festlokale og bibliotek bare for å nemna noko. Her heldt dei vekkingsmøte, basarar, juletrefestar, møte i fiskarlaget og også andelege og politiske møte.  

Eit møte under krigen 

Søndag den 20.april 1944 litt før kl. 8 om kvelden kom det ruslande folk frå alle kantar av Bokn mot ungdomshuset på Håland - nokre parvis, andre i små klynger. Bare karbidlyktene kasta eit svakt lys der dei gjekk, batteri til vanlege lommelykter var ikkje å oppdriva. Over sundet kom austreboknarane roande, dei var aktive i losjen. For fråhaldssaka sto sterkt over heile Bokn. Jamvel nå midt under krigen heldt dei møte annan kvar søndag, og frammøtet var det ikkje noko å klaga på. Det meste som fanst av ungdom og også ein del eldre møtte trufast opp. På det meste kunne dei vera heilt oppe i 60 møtte, men for det meste var dei 30 – 40 stykke. Det vil seia: Når det var juletrefest blei det trongt i ungdomshuset, då pressa jamt over 150 boknarar seg inn. Når dei skulle ha nye styringsfolk, blei valet halde på tradisjonelt, demokratisk vis. I losjen nådde ikkje nazismen med si førartenking inn. 

Dette var under krigen og i parafinlykta si tid. Inne i stovene var det lys, men det fekk ikkje sleppa ut or glasa, tjukke blendingsgardin eller beint fram kunstgjødselsekkar stengde lyset inne og gjorde det bekmørkt ute. Dei gjekk og drøsa om den fæle eksplosjonsulukka som hadde skjedd i Bergen om morgonen same dagen, var det ikkje eit skip lasta med ammunisjon som hadde gått i lufta? Og så var det sjølve Hitlers fødselsdag. Tyskarane feira visst dagen i Loten. ”Systrene” og ”brørne” var godt kledde om enn kleda var noko loslitne og lappa på, til å vera så seint i april var det bitande kaldt. 

Midt under krigen hadde altså IOGT-losjen Heimfred vanleg møte. Det minka på andre samlingsstader, men losjen fekk vera i fred. Så hang dei av seg ytrekleda ute i gangen, og etter kvart fyltest salen som var koseleg opplyst av parafinlampar. Om han ikkje blei heilt full, var dei i det minste 36 stykke.  

Heilt fram til inn i 1960-åra var Ungdomshuset samlingsstad og festlokale for gammal og ung i bygda. Som Losjen var det også ein god skule for den oppveksande slekta. Ved sida av føredrag av moralsk/kristeleg karakter, var det ungdommane sjølv som hadde ansvaret for å drifta laget. Det førde til at dei fekk ei framifrå organisasjonspraksis som kom vel med når dei skulle drifta kommunen så og seia utan administrasjon. På Ungdomshuset blei dei lærte opp i møteleiing, føring av møtebøker og å ta referat og i demokratisk praksis.  

Men gradvis fekk det avløysing, ikkje minst då Kyrkjebygda skule og bankbygget i Føresvik kom på plass i 1954. Men den endelege kroken på døra, kom då den nye skulen blei teken i bruk i 1973. Etter fem år som lager for Bokn Bygg, blei det i 1978 lagt til rettes for samlingane til Bokn bygdemuseum. Og sidan har bygget fungert som museum.  

Så får me håpa at bygda ser seg råd til eit bygg som sidan 1909 har vore så sentralt for livet her. Her var det dei viktige avgjerende blei tekne i kommunestyre og bank, her lånte biblioteket ut andeleg føde og her var det festlokale og møtelokale for alle slag kulturelle og politiske arrangement. Her heldt ein juletrefestar, basarar, vekkingsmøte og møte om målsak, kvinnesak, fråhaldssak og elles alle slag aktuelle tema som var oppe i tida. Det var sjølve samlingsstaden for boknarane og mykje av det som skjedde, hadde sitt utspring her. Er det ikkje ansvaret vårt til komande generasjonar å ta vare på eit bygg som til dei grader har prega bygdehistoria? Og er det råd å finna ei meir naturleg ramme for samlingane til bygdamuseet?