Bokn historielag til Skudeneshavn

Museet i Mælandsgården, SkudeneshavnBokn historielag arrangerar søndag den 6. september 2015 tur til Skudeneshavn.

Der vil me få god omvising i museet Mælandsgården og i gamle Skudeneshavn. Me får greie på korleis byen vaks fram, og får sjå korleis ein borgarfamilie levde for 150 år sidan. Me får også sjå gamle handverk som prega bybildet, og korleis fiske, sildesalting, handel og sjøfart har dominert byen i eit par hundre år. Omvisingane tar til saman eit par timar. Etterpå går turen til Kopervik og Røthings Catering & selskapslokaler der me får kjøpt god middag.

Turen til Skudeneshavn startar kl. 10.30 med kommunebussen utanfor Boknatun. Også personar som ikkje er medlemmer, kan melda seg på.

Turen med buss og omvising er gratis, mens middagen må betalast av kvar enkelt.

Påmelding innan torsdag den 03. september til Olav G. Larsen i tlf. 95114786 - eller Reidar Alvestad i tlf. 45691081.

Bokn historielag