Dugnad for Bokn Arena

FEKK GOD HJELP: Fv. varaordførar Lars S. Alvestad, ordførar Tormod Våga, Eirik Nedrebø og Kjetil Østebøvik. Spegelen var sponsa av Tysvær Glass.

24. september monterte ordføraren sminkebord, varaordføraren skal stå for drifta av bygget og Bokn Senterungdom skal klippa plenen.

FOTO: FEKK GOD HJELP: Fv. varaordførar Lars S. Alvestad, ordførar Tormod Våga, Eirik Nedrebø og Kjetil Østebøvik. Spegelen er sponsa av Tysvær Glass.

Det manglar ikkje på innsats og initiativ for å få bidra til at Bokn Arena skal bli Bokns nye storstove. Frå tidlegare er det kjent at varaordførar Lars Sigmund Alvestad tar på seg ansvaret for drifta av bygget.

Han dukka også opp då ordførar Tormod Våga 24. september sette opp sminkebord og spegel på eit av romma ved sida av scenen. Dette låg ikkje inne i leveransen frå Haaland & Thuestad, men viste seg å ikkje vera noko problem for ordføraren, som i tillegg til å vera los også har fagbrev som tømmermann. Alt kom opp på rundt 25 min., til glede for m.a. Bokn revylag som skal ha revy der 1. oktober.

Plenklipping

I samband med bygginga av fleirbrukshallen var det snakk om dugnadsarbeid. Dette blei det ikkje noko av, difor ynskjer Bokn Senterungdom framover å bidra med å klippa plenen. Det fortel leiar av ungdomsorganisasjonen, Tonje Medhaug, til Bokn Bygdablad. 19-åringen seier dei håpar fleire hiv seg på trenden og tilbyr seg å gjera litt dugnadsarbeid for storstova. Senterungdommen i Bokn har 26 medlemmer.

Allereie før Bokn Arena er i drift tyder mykje på at bygget verkar samlande for bygdafolket og blir ein stad der idrett og kultur vil gå hand i hand.