Endringar i skuleleiinga frå 1. august

Bokn skule mot sørvestFrode Lindanger blir undervisningsinspektør medan Stein Magnar Gjerde går over i stilling som IT-sjef for Bokn kommune. 

Frode Lindanger har eitt år bak seg på Bokn skule, der han har jobba med norsk og spesialundervisning. Han har også hatt vaksenopplæringa, som han også skal fortsetta med til hausten, ved sida av undervisningsinspektør-stillinga.

Frode er svært språk- og musikkinteressert, og han har mellomfag i nordisk og musikk, ved sida av programproduksjon og pedagogikk.
Han har arbeidserfaring som musikklærar i Oslo, rektor og lærar i Vindafjord kulturskule, musikkansvarlig på college i New Zealand og musikklærar på Håvåsen skule. I tillegg har Frode vore songlærar og kordirigent for fleire kor. I dag er har dirigent for Aksang i Aksdal. Han har også drive eiga bedrift kor han produserte noter for ulike forlag og artistar i Noreg.

Stein Magnar Gjerde har vore lærar i Bokn sidan hausten 1995. Sidan 1999 har han vore systemansvarlig for ulike fagsystem på skulen, i tillegg til planarbeid og opplæring. Til jul 2014 blei han ferdig med ein mastergrad innan IKT, og gler seg til å tiltre i ny stilling som IT- sjef i kommunen. Stillinga blir delt mellom Boknatun og skulen, med hovudvekt på Boknatun.
Stein Magnar sin faglege bakgrunn er språkfag og historie frå Høgskulen i Stavanger.

Wenche L. Havikbotn er rektor. Ho har vore tilsett i denne stillinga sidan 1. mars i år. På Bokn skule har ho tidlegare vore undervisningsinspektør og konstituerande rektor. Ho har fireårig lærarskule med hovudvekt på matematikk og spesialpedagogikk - vidareutdanning i norsk og går nå på rektorskulen, som er avsluttande til hausten. Forutan å ha 20 år bak seg på Bokn skule har Wenche også jobba på skulane i Hervik og Tysværvåg.