Fokus på Føresvikvegen

Repr. frå Senterpartiet: fv. ungdomskandidat til fylkestinget Ingve Berntsen, stortingsrepr. Geir Pollestad, fylkesordførarkandidat Arne Bergsvåg, Tormod Våga og 2. kandidat på fylkestinget Sofie Margrethe Selvikvåg.Bokn Senterparti fekk storfint besøk ein tysdag ettermiddag i valkampen. Fire fylkespolitikarar og Rogalands stortingskandidat, Geir Pollestad fekk høyra om problematikken rundt Føresvikvegen.

Bildetekst: Repr. frå Senterpartiet: fv. ungdomskandidat til fylkestinget Ingve Berntsen, stortingsrepr. Geir Pollestad, fylkesordførarkandidat Arne Bergsvåg, Tormod Våga og 2. kandidat på fylkestinget Sofie Margrethe Selvikvåg.

Arbeidet med å utbetra vegen har lenge vore planlagt. Ordførarkandidat Tormod Våga er utolmodig og meinar dette arbeidet allereie skulle vore i gong.

- Dette har altså vore skulevegen til barn og unge på Bokn i mange mange år. I tillegg er det ein attraktiv turveg med mange gåande og syklande kvar einaste dag, fortel han.

Har blitt nedprioritert

Fartsgrensa på vegen frå Knarholmen blei redusert, men ubetringa lar venta på seg. Pengar har vore lagde på bordet både frå kommunen, Fylket og Haugalandspakken si side, men har likevel vore nedprioritert. Denne nedprioriteringa har gjort at arbeidet i mellomtida har blitt dyrare. Nå har Bokn igjen bevigla meir pengar for å få prosjektet i gong.

- Det første eg aktar å gjera etter valet, er å få dette arbeidet i gong. Å få ting gjort er det eg likar best. Eg har erfaring med at nokre gonger trengst det meir påtrykk, oppfølging og arbeid med ei sak enn å berre hive pengar på ho, avsluttar Bokn SP sin ordførarkandidat.

Fylkesordførarkandidat Arne Bergsvåg bekrefta at han vil gjera sin del frå fylket si side for å få oppgraderinga i gong så fort som råd.

- Det er klart me som kjem frå eit parti med trygge skuleveger som ei av sine viktigaste prioriteringar, ikkje kan sitta og sjå på slike forhold som innbyggarane på Bokn har med Føresvikvegen, seier fylkesordførarkandidaten.