Førjulskonsert med Aksang og Boknakoret

Boknakoret og AksangBoknakoret og Aksang inviterer til førjulskonsert på skulen 6. desember. Viss datoen ikkje passar kan du få med deg same konsert på Tysværtunet 29. november.

Tekst: Håvard Førland - foto: Jardar Havikbotn

Boknakoret og AksangJul-e-konsert

Sølvguttene syng jula inn.

«Jeg synger julekvad, og er så glad så glad, min hjertens Jesus hviler…»

Det er vel og bra, men Aksang og Boknakoret har ikkje tid til å kvile, dei skal ha to førjulskonsertar med orkester og skodespelarar frå Tysvær kulturskule. Ei salig blanding av fjøsnissar, blånissar, hekser og ein ekte politimann som ordnar opp i forviklingane! Det heile blir ramma inn av høgstemt song og tradisjonsrik førjulsstemning i to familieførestellingar:

Musikkglede hos dirigent Anne Tove Øvrebø.Solist Ine KleivelandTysværtunet den 29.11 og på Bokn skule 06.12. Billettar kan kjøpast på Tysværtunet og på Coop Marked Bokn.

Kom, kom, kom…i adventsstemning, kim som helst og kor…

 

Hjarteleg velkomen!

med førjulshelsing frå
Aksang og Boknakoret

Sjå plakat her (PDF, 307 kB).