Gode boknarar

Bokn bygdemuseum, nordre vegg

- Skal me la museet vårt forfalle og la bygda si soge rotne bort?, spør Bokn historielag i dette lesarinnlegget. 

Bokn bygdemuseum høyrer til under Haugalandmuseene, men Bokn kommune har ansvaret for vedlikehald.

Bokn historielag har i ei årrekkje halde museet ope på sundagar frå juni til august. Men år for år ser me korleis ting forfaller, særleg bygningen. Og det er ikkje bygda verdig at ein så viktig stad ikkje har skikkeleg parkeringsplass. Toalett finst det ikkje i det heile tatt. På oppslaget for ope museum vurderer me å skriva: Gå på do før du besøker museet !

Gamle gjenstandar forvitrar lett dersom dei vert utsette for lys og fuktigheit. Glasa, som skrik etter kitt og maling, har ikkje blending. Ganske ofte har stormen ruska i pannene, så taket er vel heller ikkje alltid tett.   Rett nok er det installert ein avfuktar i huset. Knuste glasruter er erstatta med plater, og dørlistene er rotne.

Historielaget har ved fleire høve peika på manglane, men det skjer ikkje så mykje.

Så derfor, kjære boknarar!

Tenk på den historia som dette over hundre år gamle huset representerer.  Tenk på dei eldsjelene som frå 1970-talet har lagt ned mange årsverk ved innsamling, registrering og utstilling. Og tenk på alle entusiastiske bygdefolk som gjerne gav frå seg familie-klenodia til museet.  

Hjelp oss å påverke politikarar og byråkratar og folk flest i kommunen til å stå opp for denne unike, historiske bygningen og all den historia som finst innom huset.

Me synest at komande generasjonar og må få glede og nytte av eit levande, godt vedlikehalde bygdemuseum.

Helsing Bokn historielag