Gode filmar i kø

storfilmar.jpgBygdekinoen startar opp neste fredag. 28. august er det klart for noregspremiere på den norske storfilmen "Bølgen".

Hausthalvåret startar med den animerte familiefilmen "minions" og actioneventyret "Mission: Impossible - Rogue Nation". Begge filmane har fått gode kritikkar. 

b_logo.pngDet er mykje å gle seg til. Allereie i oppstartsmånaden får Bokn noregspremiere. Denne gong på spenningsdramaet "Bølgen". Det knyttar seg store forventningar til naturdramaet i Geirangerfjorden.

Karsten og Petra-filmane er svært populære og det er også venta mykje folk 11. september. Då viser Bygdekinoen "Karsten og Petra på safari".

Det er berre å ta seg ein tur til Auditoriet.

Les om filmane her.

1. juli kom det nye aldersgrenser for film på kino.