Hele Rogaland leser

Småskulen på Bokn skule.Kan ein ha betre start på dagen enn å få lov til å dela ut bøker til heile småskulen?

Av Linda Ognøy 

Hele Rogaland leser er eit leseprosjekt med mål å gi folk i Rogaland ei felles leseopplving, og å auke litteraturinteressa generelt. Kvart år blir det valgt ei bok. Årets bok er "Sov søtt Herr spiss" av Erna Osland og Inger Lise Belsvik.

Hele Rogaland leser-boka 2015

Boka som blir delt ut i år er Sov søtt, herr Spiss
Forfatter: Erna Osland, illustratør: Inger Lise Belsvik

Den vesle spissmusa herr Spiss får ikkje sove. Korleis skal han finne søvnen? Spiss dreg ut på ei farefull ferd og møter folk og dyr som søv. Etter historia kan lesaren få vite meir: Kvifor søv vi? Kva skjer om vi ikke søv og kvifor søv dyr og menneske så forskjellig? Leiken tekst på vers og prosa. Vakkert illustrert av Inger Lise Belsvik.

Måndag 2.november kjem illustratøren Inger Lise Belsvik på besøk til Bokn.