Ikkje tatt til følge

val_gull.pngKlagen frå Ap sin ordførarkandidat på Bokn valstyre si godkjenning av listeforslag til kommunestyrevalet 2015 blei avvist i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Departementet har ikkje heimel til å overprøva folkeregisterstyresmaktene si tolkning av regelverket. Vedtaket til valstyret i Bokn 6. mai om å godkjenna Høyre si liste er difor gyldig.

Dette går fram av eit brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 19. juni. Departementet si avgjerd kan ikkje påklagast.

Eiliv Staalesen sin dispensasjon frå Skatt Vest om å framleis stå registrert i Bokn og vera politikar i Bokn er bindande for valstyresmaktene, og dei kan ikkje treffa andre avgjerder når det gjeld busetting og dermed kor ein skal reknast å ha røysterett og vera valbar, heiter det i brevet.

Valstyret i Bokn godkjende vallistene 5. mai. Dagen etter fekk kommunen inn klage på vedtaket. Klagen gjaldt 1. kandidaten på Høyre si liste. Klagen var frå åtte personar, kor sju seinare trekte ut namna sine. 9. juni vedtok Bokn valstyre med fem mot to røyster å ikkje ta klagen til følge og saka gjekk til departementet.

Les meir om saka her.