I byrjinga av juni avslutta dei ein månad lang innsamlingsaksjon. I tre dagar har dei seld smoothie på skulen. Dei har hatt kaffisal på Are og vaffelsal på butikken i Føresvik. I tillegg spurde Valfaggruppa Sal & Scene dei om å hjelpa til med sal av vaflar, kaffi og saft i samband med førestillinga si 3. juni. Det kom inn godt med pengar denne dagen også.
- Elevane har vist imponerande stor innsatsvilje og har vore nøgde med å kunne hjelpa andre, seier lærar Frode Lindanger, som vil retta ein stor takk til alle som har medverka til aksjonen!
Eit flott tiltak frå flinke elevar!