Kommunesamanslåing – regionalt og lokalt

Bilde frå intensjonsavtalen.

Lesarinnlegg frå Bjørn G. Nedrebø. 

I  mange kommunar er det no samtalar og diskusjonar kring kommunesamanslåing. Sjølv om dette er ei omfattande reform, er det få som er engasjerte i saka. Då berre 38 møtte på folkemøte i Tysvær tolka ordføraren i Tysvær dette som:  «Det viser at me har fått ut informasjon heile vegen, og at tysværbuen ikkje er så veldig opptekne av denne saka». At tysværbuane ikkje er opptekne av saka kan så vera, men at dei har fått god informasjon stemmer dårleg med ein intervjurunde gjort av NRK-Rogaland om prosessen i kommunane kring Stavanger. Der er det svært få som kjenner til kva som er i emning.  At det står så mykje betre til her i nordfylket, tvilar eg på.  

Det overordna målet som regjeringa har for kommunesamanslåing er m.a.:

  • Styrka lokaldemokratiet og gje større kommunar fleire oppgåver
  • Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane
  • Bærekraftige og økonomiske robuste kommunar
  • Heilskap og samordning i samfunnsutviklinga.

Lite av dette kan eg finne att i intensjonsavtalen mellom Bokn og Tysvær. Ut frå slik eg les avtalen går det meste ut på å få mest mogleg pengar ut av statskassa ( 25 mill. for å gå saman i tillegg til å  behalde småkommunetilskotet i 15-20 år framover, tilsvarande 318 mill. fram mot 2039).

Intensjonsavtalen mellom Bokn og Tysvær er på ingen måte visjonær. I sørfylket pågår heilt andre prosessar/samtalar  m.a. mellom Klepp, Hå og Time og mellom Sandnes, Sola og Stavanger. «Dette for at vi skal være en robust region nasjonalt og internasjonalt» som ordføraren i Stavanger uttalte til NRK Rogaland. Her i nordfylket er ein svært så «navlebeskuande». Dette gjer at sørfylket tek meir og meir av den «kaka» vi skulle hatt del i.

Helse

Både i Stavanger og Haugesund er det p.t. planarbeid med å byggje nye sjukehus. I Stavanger slår ein på stortromma og byggjer heilt nytt på Ullandhaug. I det stille reknar dei og  sjukehusområde vårt som sitt etter at Rogfast er på plass. Dei har og styrke til å tale Fylkesmannen midt i mot kring plasseringa. Politikarane og presse støttar heilhjarta opp om prosessen der. Kva skjer her i nord? Eg vil påstår å ha øyrer og augo opne, men det er totalt fråverande engasjement både frå politikarar og presse. Det kan vel hende at det er betre å vera pasient på SUS enn i Haugesund, men mange arbeidsplassar går tapt om ein mister sjukehuset i Haugesund.

I prosessen med å byggje nytt sjukehus i Haugesund er det og lagt inn at kommunane fullt ut skal kunne drive 24 «øyeblikkelig hjelp» -senger. Dette sengetalet er del av Samhandlingsavtalen mellom helseføretaka (Helse Fonna lokalt) og kommunane. Ut frå røynslene våre og Riksrevisjonen sin rapport er dette på ingen måte tilfredsstillande utnytta i dag. Mykje av midlane til drift av desse kommunale sengene er tekne frå helseføretaka . Følgjene for føretaka er for få senger på sjukehuset som medfører krav om kort liggjetid, fare for feilbehandling og tidsøyande  klager frå pasientar og pårørande. Store kommunar som m.a. Bergen greier på ein heilt anna måte å byggje kompetanse og utnytte sengene etter kva dei var tiltenkt. Bokn og Tysvær vert i denne samanhengen for «tuttel «å rekna.

Arealutnytting

Å nytta ut areal til industri, handel eller busetnad på best mogleg måte bør  vera eit overordna mål for alle, i sær å unngå nedbygging av matjord. Kva opplever ein her i nordfylket? Haugesund protesterer på Karmøy sine planar på Kolnes. Haugesund legg hindringar i vegen for Karmøy når det gjeld utnytting av området på Norheim (Oasen). Det lokale rotet kring den fylkeskommunale arealplanen for regionen talar og sitt klare språk om kor enkelt det er å spela lokale vedtak utover sidelina. Eller for å seia det med ein kjent lokal ordførar: »Detter er for dumt»

Den siste lokale usemja er  kor det er best å byggje nytt fengsel.

Fylkesmannen

Fylkesmannen er etter mitt syn eit udemokratisk organ som set til side ei rekkje lokale kommunale vedtak. Me større einingar/kommunar vil det vera større makt bak vedtak. Etter å ha følgt nokre lokale saker undrar eg meg  over kvifor kommunane nyttar mykje tid på lokal utgreiing av einskildsaker når ein likevel snur dersom Fylkesmannen har ei anna meining .

I desse småkampane mellom kommunane her i nordfylket går mykje til sørfylket, sist var det 110-sentralen. Er ein ikkje på hogget vil nok storparten av E 134 også bli  småtteri i høve til kva ein får til nord for oss (Bergensregionen).

Regionen treng kraftfulle politikarar som ser framover, eller som Kristian Eidesvik uttalar til HA 23.mars d.å: »er redd Haugesund blir en soveby viss ikkje politikere, næringsliv og alle andre tar seg i nakken og løfter byen og regionen videre. Vil noe meir.

Det finnes ufattelige mange flinke folk. Også lokalt. Det vi mangler er besluttsomhet.  Ledere og poltikere må beslutte».

Intensjonsavtalen mellom Bokn og Tysvær

Då eg las intensjonsavtalen som er inngått mellom Bokn og Tysvær, fekk eg assosiasjon til avtalen mellom USA og Russland i 1867 då USA betalte Russland  $4,74/km2 for å overta Alaska, eller kanskje endå verre for Bokn, Tysvær får betaling for annekteringar. Birger Lindanger har i detalj gått gjennom det som han ser som ulempe med kommunesamanslåinga. Eg er samd i at det synes lite som freistar.

I avtalen står det vakkert om at det skal vera sjukeheim i Føresvik, men slik som stoda er i Tysvær no kan fast sjukheimsplass for boknarane like så godt verta i Nedstrand som på Bokn. Det er no eldre frå søra Tysvær som har fast plass i Nedstrand sjølv om ein primært søkte fast plass  i Aksdal. Dei eldre har det kjempeflott på Nedstrandtunet, men å vitje sine nærmaste vil då medføre ein kveldstur på 12-14 mil .

Langsiktig planlegging er viktig for ei bærekraftig utvikling av kommunane, både med tanke på eit klima i endring og optimaliserte utsleppsreduksjonar.  Det seiest at djevelen ligg i detaljane og «at alt heng saman med alt».

Nyleg var det og omtale i TB om ein familie som fekk fast plass til mor si same dag som ho vart gravlagd - ja, ja: betre seint enn aldri.

Føresvik er peika ut som områdesenter for søre del av nye Tysvær. Det er ein god intensjon, men makta rår og det er utopi at folk i området frå Førland/Apeland og sørover vil sjå på Føresvik som senteret sitt. At ein i Bokn skal venta sentervekst, vert som å tru på «Tollak og Tussi».

Ut frå avtalen slik den ligg føre har nok boknarane berre måtta godta eit diktat der det er vist lite generøsitet frå Tysvær si side. Verre kan det ikkje verta med tvangssamanslåing, men då har ein i alle høve vist kva ein meiner om fleirtalet stemmer nei. Det er og så nært neste Stortingsval at ein i liten grad vil forventa  tvang. Som boknar hadde eg nok stemt mot grunna at ein får mindre att enn ein gir, og avtalen viser at dette ikkje er måten å inngå ektepakt på.  Som innbyggjar i Tysvær ville eg stemt mot grunna at dette er ei visjonslaus samanslåing og at det  i liten grad vil vera med på å løyse  dei store oppgåvene regionen står framfor. Dette gav ikkje politikarane  i Tysvær meg høve til. Det er vel det ein kallar «å styrke lokaldemokratiet».