Langdistanseløparen, som er blant dei beste i Noreg i si idrettsgrein, er eit forbilde for boknarar og andre innan fysisk aktivitet, med fokus på idrett og løping - ein ispirator i folkehelsearbeid. Janne Elin Vatnaland var med og grunnla løpet Bokn OppNed i 2011 og har vore med på fellestreningar om somrane for boknarar som ynskjer å prøva løping.
I til nå seks år har ho vore eit svært godt døme på at ein kan nå langt med å driva på hobbybasis, og at allsidigheit er eit av suksesskriteriane for å halda seg skadefri og oppleva idrettsglede, men å samtidig prestera på eit høgt nivå.
Kulturprisen skal delast ut på luciafesten 13. desember kl. 18:00 på Bokn skule.