Ny turbok

Ny turbok på toppen av Boknafjellet.

Postkassen på toppen av Boknafjellet har fått ny bok.

Ein lesar tipsa oss om at boka var godt moden for utskifting, og sommarvikar i Bokn Bygdablad, Ida Havikbotn, var oppe med ny bok i går kveld.

Viss nokon har ein god ide til korleis boka bør oppbevarast på kommunens høgaste topp, kan dei ta kontakt med kulturkontoret. Mange metodar er prøvd, men det viser seg at dei relativt solide turbøkene får problem med å halda ut eitt år om gongen. I år er det nok litt spesielt pga. at postkassen byrja å skranta i vinter (blei sett opp ny 15. april), og det har nok periodevis vore svært vått oppi han.

God tur!