Nynorsk eller bokmål i skulen?

Frå venstre: Grete Lønning (varamedlem), John Ragnar Susort (nestleiar og kasserar), Synnøve Bredal Bjelland (leiar), Knut Harald Nesse (styremedlem), Hilde Gunn Kvamen (skrivar) og Sigmund Låte (varamedlem). Styremedlem Margit Aarset og varamedlem Jan Helge Øvernes var ikkje til stades då biletet blei tatt.

29. februar kl. 19:30 kan du høyra professor Sylfest Lomheim ta for seg temaet i Tysværtunet. Arrangør er Tysvær mållag.

Foto: Styret i Tysvær mållag.

Laget meiner temaet er brennaktuelt for mange kommunar på Haugalandet, og Bokn Bygdablad kjenner til at fleire frå Bokn mållag vil delta.

Leiaren for Tysvær mållag, Synnøve Bredal Bjelland, fortel at det i Tysvær går mot skulemålrøysting i Grinde og Tysværvåg skulekrins. Dette inngår i ein strategi for å endra hovudmål frå nynorsk til bokmål ved skulane, og mållaget har sjølvsagt engasjert seg i saka. Målet er å styrka språkleg toleranse og mangfald.  

- Det er viktig å ta vare på begge skriftformer og dialekten vår. Korleis gjer me dette på best mogeleg måte?, avsluttar Synnøve Bredal Bjelland.

Svaret får du kanskje i Tysværtunet på måndag.