Nytt fjes ved NAV Bokn

Anne Birgitte Rokstad Norgård

1. august begynte Anne Birgitte Rokstad Norgård i 50%-stilling som rettleiar ved NAV Bokn. 

33-åringen frå Tysvær bur i Hervik saman med mann og to barn. Ho er utdanna sjukepleiar ved HSH og har jobba 10 år på Haugesund sjukehus. Det siste halve året har ho tatt ekstravakter på Bokn sjukestove.

Tysvær-dama er student ved sida av jobben og tar vidareutdanning i helsefremjande arbeid. Ho tar ein fordjuping i arbeidsmiljø og helsefremjande arbeidsplassar, og held nå på med Master.

Anne Birgitte vil m.a. jobba mykje med sosialsaker, kommunale stønader, ungdomsbustader og økonomisk gjeldsrådgjeving.

Den familiekjære dama har friluft og jakt som hobby. Kvart år er det jegerprøve med etterfygjande jakt på hjort og rådyr på familiegarden.

Du treff henne fast på onsdagar og fredagar. I oddetalsveker er ho på Boknatun på tysdagane også - tlf. 52 75 25 18.