Nytt stort arrangement frå Bokn sykkelklubb

Boknasprinten 2016.jpeg

4. og 5. juni arrangerer Bokn SK Regionsmeisterskapet for Region-sør (Rogaland og Agder-fylkene). 

Foto: Boknasprinten 23. april samla over 100 utøvarar. 4. og 5. juni skal Bokn SK arrangera regionsmeisterskap.

Det er berre ein god månad sidan sykkelklubben hadde suksess med Boknasprinten, eitt av dei største idrettsarrangementa som har vore i Bokn med godt over 100 deltakarar frå heile regionen og fylket. Klubben har fått ekstremt gode tilbakemeldingar på Boknasprinten, og går nå laus på nok ei stor idrettshending.

Rittleiar Kjell Olav Skjelde ventar nokre av landets beste syklistar til Bokn første helga i juni, kor det blir individuell tempo på laurdagen og fellestart på sundagen.

Tempoen på laurdagen

har start i Halvardskrossen kl. 13.00 og mål ca. kl. 15.00 ved Kyrkjebygd aktivitetshus (Petra/Artep). Det skal køyrast med klokka rundt Grønnestad med vending på toppen av Vatnaland for dei som skal sykla 5 km, vending på Grønnestad for dei som syklar 10 km og vending i botn av Torlandsbakken for dei som skal sykla 20 km. Distansane er etter kva for ein alder ryttaren har.

Logo Bokn Sykkelklubb

Vegstrekninga mellom krysset til Loden på toppen av Knarholmskrysset og Halvardskrossen kjem til å vera stengt for biltrafikk i det aktuelle tidsrommet. Omkøyring vil bli Havnavegen. Ellers må trafikantane følga instruksane frå vaktane om kva for ein veg  ein kan køyra.  

Fellesstarten på sundagen

startar kl. 09.00 med start og mål (ca. kl. 16.00) ved Kyrkjebygd aktivitetshus. Det er Grønnestadrunden som skal køyrast og ein køyrer mot klokka, ned Torlandsbakken. Startane går i stigande rekkefølge med dei minste klassane først.

Med mange ryttarar som syklar sammen kjem det til å ligga motorsyklar og bilar i forkant på feltet. All trafikk skal gå med rittet. Det vil vera vaktar i alle kryss, og det er berre å følga vegrettleiinga frå vaktane.

- Det vil vera blant Noregs beste syklistar i alle årsklassar, så tempoet her vil vera høgt, seier rittleiaren.

Åtte gonger

Han fortel også at Grønnestadrunden blir karakterisert for å vera ei knallhard løype så her vil dei eldste klassane få kjenne det, då dei skal rundt åtte gonger.

- Me gler oss til ei knallhard avslutning med stigninga frå Halvardskrossen og opp til mål ved Kyrkjebygd aktivitetshus.

- Me gler oss også til å visa fram den flotte øya vår til syklistane i Sør-Norge Håpar så mange som muleg er med og lagar stemning langs løypa. Ikkje minst vil det bli veldig god underhaldning å få med seg målgang ved Kyrkjebygd aktivitetshus, avsluttar Kjell Olav Skjelde. 

Bokn SK treng framleis nokre vaktar til begge dagane. Dei som vil hjelpa kan ta kontakt med Helge Kristian Nilssen, 91 12 71 01.

Invitasjon frå Bokn Sykkelklubb. (PDF, 788 kB)