Skulestart og trafikktryggleik

Trygg_Trafikk.jpgInformasjon frå Trygg Trafikk. 

Vegetasjon som hindrar sikten kan føra til farlege situasjonar i trafikken. Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippa hekkar og busker på eigedommane sine – av hensyn til eigen og andre sin tryggleik.
- Snart startar ungane på skulen igjen og me ønsker at flest muleg skal gå og sykla, seier Ingrid Lea Mæland i Trygg Trafikk Rogaland.

Høge, tette hekkar ved avkjørslar eller store greiner som heng ut i vegkryss gjer det svært uoversiktleg for både bilistar, syklistar og gåande. Dette er ei aukande utfordring nå i sommermånadane.

Tilsvarande må både kommunen og Statens vegvesen «finna fram igjen» trafikkskilta sine langs vegane som i mange tilfeller har blitt tildekka av vegetasjon i løpet av dei siste månadane.

Klipp hekken

- Å sørga for fri sikt langs vegane er så viktig at ansvarsforholda er nedfelt i vegloven. Det er du som bur langs vegen som er ansvarleg for å klippa hekk og busker på eigedommen din slik at det er god sikt ved vegkryss og ved avkjørselen. Mange må også kryssa gang- og sykkelveg for å køyra ut på bilvegen. Då er det spesielt viktig at hekkar, tre eller gjerder ikkje hindrar sikta, slik at du oppdager andre trafikantar i tide til å stoppa, seier Mæland.

Maks ein halv meter høg hekk

- Når du står fire meter inn i avkjørselen din skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen. Hekk og gjerde skal heller ikkje vera høgare enn 50 centimeter ved avkjørselen din.

Nå håpar Trygg Trafikk at folk flest tar ein titt på eigen eigedom og bidrar til felleskapet gjennom ei tryggare trafikkavvikling for alle.
- Og me i Trygg Trafikk er ikkje minst opptatt av barn og ungdom, avsluttar Ingrid Lea Mæland.

Kontaktperson, Bokn kommune - Kjell Arne Valentinsen.