Slutt for Bokn tannklinikk

23. juni er det heilt slutt med tannlege på Bokn.Tannlegekontoret på Boknatun blir lagt ned og pasientane (ca. 260) blir overførte til Tysvær tannklinikk på Frakkagjerd. 

I morgon, 23. juni blir det flytta ut av kontoret for aller siste gong. Det har styret i Tannhelse Rogaland vedtatt på styremøte 9. april., då ein ny klinikkplan for perioden 2015 – 2019 stod på sakskartet.

Fylkestannlege Helene Haver beklager i eit brev at Bokn kommune ved ordførar ikkje blei informert om vedtaket. Vidare vurderer ho det slik at nemnte klinikkplan ikkje kan reknast som ei forskrift eller en endring av forskrift, og at det difor ikkje er krav til høyring etter fvl. § 37. 

Ordførar Kyrre Lindanger ristar på hovudet av vedtaket.

- Framgangsmåten til fylkestannlegen er under ein kvar kritikk. Bokn kommune har ikkje fått noko tilsendt i denne saka – inga grunngjeving, ingen dokument. Det er eit viktig demokratisk prinsipp at berørte partar blir tatt med på råd eller blir høyrt før slike avgjerder blir tatt, seier han og konstaterer at boknarane framover må reisa til Tysvær for å få utført tannhelsetenester.

- Bokn har hatt eigen tannhelseklinikk i over 40 år. Eg fylgjer nå opp denne saka for å sjå om det er mogleg å gjera om vedtaket. Eg synest det er galt at boknarane ikkje skal få tilbod om tannhelsetenester i eigen kommune framover, avsluttar ein frustrert ordførar.