Slutt for julegranstenninga?

Julegranstenninga 2007.Det er mykje som tyder på at det tradisjonsrike arrangementet 1. sundag i advent ikkje blir arrangert i år. 

Bokn Røde Kors, som har stått for arrangementet ein del år nå, sa - pga. driftsendringar i laget - tidleg i år frå om at dei ikkje lenger kunne arrangera, men ville hjelpa nye tilretteleggarar med erfaringsutveksling og tips.

Kulturkontoret har sidan i vår vore på leit etter ny(e) arrangør(ar), m.a. utfordra lag som har erfaring med store arrangement. Det har i haust vore samtalar med potensielle tilretteleggarar, som igjen har hatt samtalar med representantar frå Bokn RK, men det har ikkje lukkast å få nokon til å ta på seg arrangementet.

Kjem nissen til gymsalen i år? Her frå julegranstenninga 2008.Det er sjølvsagt synd at denne populære hendinga, som markerer inngangen til adventstida, ikkje lenger vil bli arrangert i bygda - i alle fall, slik mykje tyder på, ikkje i år.

Skulle det vera nokre eldsjeler som vil stella dette til 29. november, kan dei ta kontakt med kulturkontoret.