Snart byggeklart

Grunnarbeidet går mot slutten.

I neste veke er entreprenør Odd Grønnestad ferdig med grunnarbeidet til fleirbrukshallen i Føresvik.

Måndag 6. juli reknar Odd Grønnestad med at planeringsarbeidet der bygget skal reisast blir ferdig. Vidare vil han bruka opp massen og skråna terrenget ned til det som skal bli parkeringsplass. Han fortel at dei vil forlata området neste fredag, 10. juli, heilt i tråd med planen.
- Ja, då kan dei berre begynna bygginga, seier han.

Arbeidet med å legga kablar til gatelys og breiband i bakken var også påbegynt då eg besøkte området ved middagstider fredag 3. juli. Dagens stolpar som går over plassen skal fjernast. Eg får også opplyst at dette kanskje også gjeld høgspenten som går nokre meter lenger aust. Haugaland Kraft har ikkje bekrefta noko her enno.