Sommarkampanje

Olav Askeland framfor tomta i Havnavegen.I Havnavegen i Alvestadkroken har Olav Askeland i Askeland Eiendomsutvikling AS sitt leilegheitskonsept. Han har eit håp om å selja 3-4 husvære i 2015 og slår nå til med ein sommarkampanje

Me slo av ein prat 12. juni, ved tomta der det kjem fire bygg - to med leilegheiter på 60 m2 og to på 75m2. Han fortel at ein er selt og det er mange interesserte til desse husa.

- Fleire unge boknarar har vore i Slåttevik og sett på leilegheitene, og dei likte godt det dei såg, seier byggmeisteren, og legg til at folk, både unge og gamle som er i tvil er velkomne til å ta ein kikk inn i ein bustad på Slåttevik.

Og der er det mange av dei, heile 60 stk til nå. Mange unge, av begge kjønn, kjøper dei på 60m2 og fleire eldre dei på 75 m2. Sistnemnde leilegheiter har større soverom og stove.

- Dei som vil ha fleire enn to soverom får kjøpa i Fyrvegen, seier Askeland, og presiserer at dette ikkje er einebustader, men leilegheiter.

- Bustadkjøp er den beste sparinga

Soveromma og stova har blitt større i leilegheitene på 75 m2.Han vil hjelpa dei unge som har lyst til å bu på Bokn, inn på bustadmarkedet, og tilbyr fornuftige prisar i ei tid med historisk låg rente.

- Du betaler til deg sjølv og mulegheita for verdistigning/gevinst er stor når du en gong evt. skal selja med tanke på kva som skal skje framover med Rogfast. På tre år kan du spara 100.000 kr., meiner han.

Han fortel at nokon er opptatt av at leilegheitene ikkje er husbankfinansierte. Av dei 60 bustadene på Slåttevik er det berre to som er husbank-finansierte. Mange nyttar seg derimot av startlån, noko Bokn kommune også har tilbod om. 

- Det er også mykje meir flexibelt med lån i bank og renten er som nemnt svårt låg, meiner han.

Han nemner også forskjellane i straumutgiftene på nye og t.d. 15 år gamle bustader. Iflg. Askeland er det billigare å bu i eit nytt hus med tanke på mnd. utgifter.

Det må seljast 3-4 husvære før det blir byggestart, og med håp om å begynna snart har han gåande ein sommarkampanje med at kjøparar får gratis kvitevarer (35.000), interiør (3.000) og eitt år med Altibox (5.000) i kontrakten.

Så gjenstår det å sjå når det kjem hus opp på tomta i Havnavegen.