Start på Fyren bustadfelt

FØRST UTE: Lene Surnevik og Tom Inge Aksdal med ungane Ole Christian Hervik Aksdal, Oda Sofie Surnevik Aksdal og Adrian Surnevik Aksdal på veg ut av bildet. Til høgre Erlend Aarvik frå utbyggar Nordbohus Haugaland.

Først ute på det kommunale bustadfeltet på Fyren er det unge paret Tom Inge Aksdal og Lene Surnevik. 

- Greit å vera først ute i eit felt, så fekk me velja kor me ville bu, seier Lene (26), som er oppvaksen i Gismarvik, men som har besteforeldre i Havnavegen. Der bur dei i dag i nordre delen av huset.

Sambuar Tom Inge fortel at dei i mange år har vore på jakt etter tomt på Bokn, og at det eigentleg var litt tilfeldig at dei havna her.

- Men når me var her nede og kikte, var me ikkje i tvil om akkurat denne tomta, seier han. 29-åringen er oppvaksen på Fyren, og det må vera kjekt og praktisk å ha besteforeldra til ungane eit steinkast lenger sør.

Tom Inge skryter av feltet, som er ferdig opparbeida med m.a. asfaltert  vegnett og leikeplass.

- Her er det solrikt og flatt - ganske praktisk. Eg måtte berre sprenga ein liten knaus, elles er det berre å fylla på.

Familien Surnevik Aksdal får det fint i stort hus på Fyren bustadfelt.

Gode utsikter

Han trur også Bokn vil bli ein attraktiv plass å bu, når Rogfast kjem -  ikkje minst pga. tomteprisane, som er låge i Bokn samanlikna med stadene sør for den kommande Rogfast-tunellen.

Erlend Aarvik frå utbyggar Nordbohus Haugaland er samd.

- Ny E39 og kryssing av Boknasundet lenger sør vil også gjera bustader på Fyren, Øyren og Alvestad meir attraktive, då dei sannsynlegvis blir meir skjerma for trafikk. Alt tyder på at ein om nokre år, med tanke på investering, får pengane att, og vel så det, seier Aarvik, og meiner at det berre er eit tidspørsmål før ting skyt fart. Nedgangstidene i oljeindustrien bestemmer mykje, men med tunellrealisering vil moglegheitene opna seg.

Paret skal gifta seg i Bokn kyrkje 2. juli. Tom Inge synest det er fint å vera ferdig med husbygging, og giftemål før ein er 30.
- Men å ta alt på same året veit eg ikkje om eg anbefaler så veldig, smiler ein som også er engasjert i lokalpolitikken ved sida av jobben på Grieg Seafood.

- Så kan me slappa av etterpå, kjem det frå Lene.

Fyren bustadfelt er ferdig opparbeida med m.a. asfaltert  vegnett og leikeplass.

Det er ingen tvil om at paret gler seg til å flytta inn i det moderne funkis-huset, som også er plassert rett nord for leikeplassen. Kort veg til den gamle leikeplassen på Fyren er det også - og ikkje minst til Alvestad nærmiljøanlegg, noko Ole Christian minner oss om.

- Det blir ikkje så langt til fotballtrening, seier niåringen, og ser mot den flotte kunstgrasbanen. Han og søstera ser fram til å få kvart sitt rom i det nye huset. Og romma er sjølvsagt valde ut allereie.

Bygdabladet ynskjer lukke til med nytt hus!

Det er framleis ledige tomter på feltet. Interesserte kan ta kontakt med Kjell Arne Valentinsen ved seksjon teknisk i Bokn kommune.

Fleire kjem til

Nibe AS, som har kjøpt den store tomta framfor det unge paret sitt hus, har to einebustader under planlegging i første byggetrinn.

Eg får opplyst at bustadene vil bli over to etasjar med flott utsikt over Boknasundet. Dei vil innehalda stove og kjøkken, tre soverom, bad, gjestetoalett, vaskerom, to balkongar og carport - og Nibe AS har som mål å kunna realisera dette til ein pris rundt 3.000.000,-

 

Dei øvste bildene er tekne 12. april.