- Møt opp i gymsalen, treningen blir lagt opp slik at det passar for alle frå 1. klasse til 90 år, seier initiativtakar Jørn Hansen til Bokn Bygdablad.
Det kjem instruktør frå Stavanger, og inntil vidare blir det treningar kvar onsdag kl. 18.00 - 19.00.
Taekwon-Do er ein koreansk sjølvforsvarskunst kor målet er å oppnå god fysisk og mental balanse. Det er ein allsidig form for fysisk trening kor heile kroppen blir godt trent.
Taekwon-Do bygger på grunnleggande humanistiske verdiar som vennligheit, medfølelse, toleranse, samhald, ydmykheit og respekt.