På kjøkkenet i allrommet på Boknatun, 2. etg. er det komfyr, kjøleskap, steamer, vaffeljern, kaffitraktar, bestikkskuffe og skap, men ikkje gryter. Leigetakarar som ønsker å laga varm mat, må ta med gryter sjølve.
Lokalet har 12 bord, 55 stolar og eit godt utstyrt skap med servise. Det har piano og eignar seg godt til intimkonsertar/teater.
Teknisk utstyr:
- Storskjerm med datamaskin/nettbrettilkobling til videoprosjektor med HDMI.
- Skap med overgangspluggar, fjernstyringar og HDMI-kablar.
- Lagerrom mellom pianoet og vindauget: Mixepult, teleslynge, forsterkar og mikrofon på stativ. På/av-brytar på strømpadda.
- Stativmikrofon skal koblast til vegginntak bak pianoet. Moglegheit å kobla til fleire mikrofonar/instrument/telefon til mixepulten.
- MERK: Teleslynga virkar berre ved bruk av musikkanlegget.