Andre organisasjonar på Haugalandet som var representerte var Nord-Karmøy Rideklubb og Tuastad og Vormedal skolekorps/Haugaland skolebrass. Desse fekk også 100 000 kr kvar. Gåvene fekk dei etter informasjon om Kårstø, innlegg frå laga sine aktivitetar med påfølgande middag.
Equinor hadde invitert 4 stk. frå Bokn IL. Tidlegare styreleiar Simon Sjøen, som i si tid sende søknaden, var representert saman med styremedlem Lene Vatnaland og Runar Alvestad og Linn Kristin Pedersen frå ungdomvolleyballen.
Les også:
Støtte til sandvolleyballbane
Takksame
- Me takkar Equinor for pengestøtta, som kjem godt med nå når me er godt i gang med arbeidet med sandvolleyballbanen på Nærmiljøanlegget, seier styreleiar i Bokn IL, Harald Fiskaaen, og legg til at styret takkar alle som er med og bidrar til at 50 års jubiléet blir ei veldig god og minnerik hending.
Ettermiddagen blei avslutta med ei omvising på Kårstøanlegget.