17. mai 2023

Harald Dale blir årets festtalar på nasjonaldagen. Komiteen legg opp til tradisjonell feiring.

Bilde av Harald Dale - Klikk for stort bileteHarald Dale Karmøynytt

Den tidlegare læraren og kjende radiomannen frå Dale i Hordaland har budd i Kopervik sidan 1968. Han har vore i Bokn fleire gonger tidlegare, både som 17. mai-talar i 1990 og som møteleiar på fleire folkemøte dei seinare åra.

Leiar av 17. mai-komiteen, Egil Våge gler seg over at Harald Dale vil halda årets festtale, og fortel ellers om eit tradisjonelt program.

Noko av programmet, med atterhald om endringar:

  • Frukost på Idrettshuset frå kl. 07:45
  • På fjerde året blir det båtkonvoi tur/retur Knarholmen - Føresvik kl. 9
  • Kiosksal og matservering i Bokn Arena frå kl. 11
  • Gudsteneste kl. 10:30 med påfølgande kransenedlegging og togoppstilling
  • Togrute frå kl. 11:15: Kyrkja - Boknatun (Appell og konsert framfor sjukestova) - Bokn Arena
  • Kl. 13 - 16: tradisjonell feiring i Bokn Arena

- Det blir både ei trommegruppe og ei messinggruppe med tidlegare korpsmedlemmer. Korleis desse blir med i programmet er ikkje klart enno, avsluttar Egil Våge.