17. mai 2024

Det var strålande vêr og god stemning på årets nasjonaldag i Bokn! Artikkelen inneheld 191 bilde frå feiringa.

Av Anne Tove Øvrebø

Salutt, frukost og båtkortesje

Bilde frå båtkortesjen - Klikk for stort bileteDet var 25 båtar med i båtkortesjen. Armand Svendsen

Kl. 06:30, tradisjonen tro, stod Odd Grønnestad for salutten frå Boknafjellet - og dermed kunne spende boknarar vakna opp til det som skulle bli ein flott og solrik nasjonaldag!

Idrettslaget og Kulturkafeen hadde laga til god frukost på idrettshuset for dei som ynskja å starta dagen der.
Kl. 09:00 stod Bokn båtforening for startskuddet på årets båtkortesje, som gjekk tur/retur Knarholmen-Føresvik, på flatt hav. Eit flott skue for alle som såg dei 25 båtane «segla» gjennom sundet og passere Boknasundbrua, der 17. maikomiteen stod staseleg med flagg og helsa alle forbipasserande.

Gudsteneste og kransnedlegging

Songtrioen og nydelege barnerøster stod for ein rørande og stemningsfull start på ei fin gudsteneste i Bokn kyrkje, som blei strømma direkte til Bokn sjukestove.

Etter gudstenesta la 17. maikomiteen ned krans til minne om dei som har omkomme på sjøen.

Toget

Skulen og barnehagen hadde smykka seg med nye, flotte faner, og etter folketoget følgde køyretøy pynta med bjørk og norske flagg. Det var god gang på hurrarop i toget og etter nøysam avgjersle var det småtrinnet som gjekk av med sigeren for beste toginnslag!

Bilde av årets 17. mai-tog. - Klikk for stort bileteÅrets 17. mai-tog. Marie Vågshaug

Det var dessverre ingen som kunne stilla som musikantar i messing- eller trommekorps i år, men trommer og korpsmusikk runga ut så langt det bar frå høgtalar, som kjekke ungdommar tok ansvar for å frakta med i toget.
Me kunne nok med fordel hatt to høgtalarar fordelt i toget for betre rekkevidde, men folkens? - Skal me ikkje gå for ekte vare med levande musikk frå messing- og trommekorps neste år? Utfordringa til alle tidlegare korpsmusikantar - og drillkorps - er herved etablert! ;)

Toget stoppa utanfor Bokn sjukestove ved Boknatun, kor Haakon Sletten var forsangar på allsongen «Ja, vi elsker dette landet». 

Flott program

Alle samarbeidspartnarar hadde gjort sitt yttarste for å rigga Bokn Arena til fest. 
9. klasse m/føresette og Bokn idrettslag stod for sal av god mat, kaker, is, drikke og snacks. Elles var det god konkurranseånd både på luftgeværskytinga til skytterlaget, spikarslåinga til FAU, barneleikane til idrettslaget og pil- og ballkastinga til KUFK/KFUM-speidaren.

Bilde av dei nye, flotte fanene. - Klikk for stort bileteNye, flotte faner! Ana Maria Stef

Frå scena ønska komitéleiar, Egil Magne Våge, velkommen og kunne introdusera det eine fine innslaget etter det andre. Me fekk høyra appell v/ungdomsskuleelevane Lovise R. Lund, Veslemøy Våga og Monika Øvrebø, etterfulgt av flott song v/Songtrioen med barnekor. Sigmund Lier heldt ein god festtale før Inna Gorbaz gav oss eit rørande ukrainsk songinnslag. Vidare var det utdeling av Kulturprisen 2023, som gjekk til Olav Larsen og Kari Christensen. 14 glade dansarar frå Bokn seniordans runda sceneprogrammet fint av med lystige dansetrinn. Kystvind stod for meisterleg lyd og bilete.

Volleyballkamp

Ungdomsrådet utfordra dei folkevalde til volleyballkamp. Alle gjekk med stor iver inn for oppgåva og det stod ikkje på kamplyst! Heiaropa runga og det vart ein spanande kamp for tilskodarane! Til slutt var det dei folkevalde som gjekk av med sigeren. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå stor revansjelyst frå Ungdomsrådet til neste år!

Heider og ære

Litt seinare i programmet var det tid for utdeling av premiar og ei ekstra helsing for bidrag til festdagen, til dømes til Odd Grønnestad, som har gleda oss med salutt frå Boknafjellet i ei årrekke.

Takk frå komitéleiaren

Leiaren for årets 17. mai-komité, ordførar Egil Våge var strålande fornøgd med feiringa - og vil spesielt takka alle samarbeidspartnarane. Han syntest det var spesielt kjekt at folk kom bort til han etter arrangementet og sa at det hadde vore ei veldig kjekk feiring!

Bilde frå dagen

Foto: Ana Maria Stef, Marie Vågshaug, Armand Svendsen, Susanne Øvrebø og Anne Tove Øvrebø.

Viss du av ulike grunnar vil ha foto sletta, tar du kontakt med kulturkontoret.