Sjå program (PDF, 208 kB)
Bilkortesjen startar frå Bokn Maritime Senter og ikkje ved sjøhuset til Lars M. Alvestad, som tidlegare varsla. Oppstilling frå kl. 11. Biltoget er for alle - og det er is til alle!
Nytt i år er at TV BOKN sender direkte på kommunen si facebookside, frå kl. 09:55. Dei inviterer til ei koseleg livesending ed artige innslag, direkte-tv, gamle innslag frå Bokn «før i tiå» og gjester i studio.
Det blir direktesendingar frå båt- og bilkortesje og frå Boknatun
Gudsteneste
Lokale gjester
Videoar frå Bokn
God musikk
Dronefilm
Programleiar: Wolfgang B. Ognøy
Video: Armand Svendsen
AV-teknikar: Svein Sandvold
Sendinga er véravhengig og det kan bli endringar.