#1omdagen

Bilde frå norskfriluftsliv.no - Klikk for stort bileteBilde frå norskfriluftsliv.no Gard Eirik Arneberg Å komma seg ut i frisk luft er viktig både for den psykiske og fysiske helsa. Norsk Friluftsliv lanserer nå kampanjen #1omdagen, der det norske folk blir oppfordra til å komma seg ut av døra minst ein gong om dagen.

Meir info om #1omdagen

10 minutt

Hugs at sjølv om mykje nå er stengt, er naturen fortsatt open. Forskning viser at berre 10 minutt i grøne omgivnadar senkar stressnivået, og gjer at me føler oss betre.

#1omdagen kan til dømes vera:

  • Set deg på ein stubbe og nyt dagslyset
  • Luft nokon sin hund
  • Ta lunsjen eller middagen ute i dag
  • Utforsk ein ny veg i nabolaget
  • Gå ut og tenn eit bål med nokon du er glad i
  • Gå ein kveldstur med hovudlykt
  • Er det snø – finn fram akebrettet og leik deg i nærmaste bakke
  • Nyt morgonkaffien i husveggen eller på ein benk
  • Gå på fuglesafari i nærmiljøet
  • Gå ut og øv deg på kart og kompass