28 på strandryddedag

Korkekunst frå aksjonen i Borgenvik hytteområde Alf Sveinung Lie 19. september blei det gjort ein strålande innsats for eit reinare Bokn, men våren er nok ei betre årstid for organisert strandrydding enn hausten.

Som venta samla den koronautsette, nasjonale strandryddedagen færre folk enn dei me har hatt på våren dei tre siste åra. Dagen var fin og eigna seg ypperleg til formålet, men mange boknarar har blitt vande med at slikt arbeid skal gjerast på ein dag i mai. Dessutan melde fleire at dei ikkje hadde anledning denne dagen.

Fin geografisk spreiing

Det blei registrert rydding i desse områda:

Borgenvik hytteområde (Kvitaneset, Søra Breivik, Borgenvik, Nordre Breivik og Lammanes)Sandvika
Brattholmen og Nautøy
Ognøy (austsida)
Sandvika
Skodahabn
Steinsvikane

Slår me dagen saman med alle strandryddeaksjonane i Bokn sidan mars i år - der den siste nyleg var i Skodahabn, kan ein nok dobla deltakartalet, og vel så det – på dei som har gjort ein framifrå innsats mot marin forsøpling i Bokn i 2020.

Når alt avfall er henta med båt (Friluftsrådet), kan me kunngjera kor mange kilo som har blitt plukka i kommunen i år.

T-skjorter og buffers

I år gjekk desse til:

Arild Ognøy

T-skjorte

Ole Øvrebø

T-skjorte

​Theo Haugland Lie

T-skjorte

Sandra Jøsang

T-skjorte

Lilly Sjøen

Buffer

Annabell K. Våge

Buffer

Sofia Eikje

Buffer

Elin Serine Nordtveit

Buffer

Alf Sveinung Lie

Buffer

Michelle K. Våge

Buffer

Me gratulerer!


Glimt frå dagen: