Alt blir bra!

Alt blir bra, 12.04.20 Ida Havikbotn Leiar i Bokn Sanitetsforening, Daghild G. Alvestad, såg for litt sidan ein video på Facebook der brannvesenet i ein kommune køyrde rundt og spreidde glede…

Dugnad

- Det må me jo berre få til, tenkte ho, og 12. april kl. 16 gjekk eit lite tog ut frå brannstasjonen. Forutan folk frå brannvesenet, stilte Wolfgang B. Ognøy opp med lyd.

- Me treng litt galskap, i ei vanskeleg tid for alle. Litt glede og håp om at alt blir bra om alle gjer sitt. Saman står me det av og saman skal me igjen få treffa kompisar, venner, familie og dei me har kjær, seier ho.

Frå tilhengaren fekk ho sjå at folk stod med flagg langs vegen og tørka tårer.

- Det var veldig rørande og veldig givande, seier ei som kan vera svært fornøgd og stolt over det som skjedde om ettermiddagen 1. påskedag.

Ho minner om at Saniteten i samband med pandemien har starta opp ei ny gruppe omsorgberedsskap. Der hjelper dei innbyggarar som er i karantene, isolasjon eller er engstelege for sjukdom, med å handla.

Maraton

Etter å ha høyrt Jahn Teigens «Optimist» 2,5 timar i strekk, omtrent 50 gonger - rundt i ulike byggefelt, oppom sjukestova, rundt Grønnestad, i Våga og i Kro, hadde ikkje sanitetsleiaren problem med å gjengi orda under, som avslutning på historia om eit særs vellukka stunt:

"Vil at livet blir en dans i lyset
En dans for håpet og en dans for gleden
En dans i frihet og en dans for freden
Det skal gåååååååååå

Optimist, jeg vet det går bra til sist
Så lenge jeg lever her er jeg en Optimist
Optimist, jeg vet det går bra til sist
Så lenge jeg lever her er jeg en Optimist"

God påske!

Foto frå Havnavegen: Ida Havikbotn