Alt klart til strandryddedag

Strandryddedagen 2023 går føre seg i morgon, laurdag 6. mai - med depot på Boknatun.

Bildet viser Jan Kristian Jøsang frå Bokn sykkelklubb som hentar utstyr til ryddeinnsats i Stolvika, Røyrvika og Dalhavnen.  Jørgen Nilssen ved sida av, som hjelper til med planlegginga av dagen. - Klikk for stort bileteFv. Jan Kristian Jøsang frå Bokn sykkelklubb hentar utstyr til ryddeinnsats i Stolvika, Røyrvika og Dalhavnen. Th. Jørgen Nilssen som hjelper til med planlegginga av dagen. Jardar Havikbotn

Fantastisk innsats allereie

Bokn KFUK/KFUM Speidarar har over to dagar rydda i Steinsvikane og i Søra og Nordra Ausevika, og Skanska/Vegvesenet har tatt føre seg strekninga Arsvågen – Sandvika, og samla inn mykje marint avfall. Fleire aksjonar er planlagde, både i morgon og neste veke.

Depot på Boknatun

Av praktiske årsaker er depotet flytta frå Idrettshuset til Boknatun, og dørene opnar kl. 10. Då kan du henta nødvendig utstyr og få med deg noko godt på turen. Me har kart over område der du kan rydda, som du også får med deg.

Les også:

Strandryddedag i rute

Rapportér

Dei områda som blir rydda, vil bli registrerte digitalt i etterkant av Strandryddedagen. Derfor er det viktig at frivillige som er med, men som har ryddeutstyr frå før og ikkje møter opp på Boknatun, rapporterer inn kor dei skal/har rydda. Folk kan rapportera inn til jarhav@bokn.kommune.no, tlf. 98221508, eller posta tekst og bilde i eventet.

Til registreringane vil me vita ca. kor mange sekkar som blei plukka og kor mange som var med på aksjonen. Det blir trekt ut T-skjorter og buffers blant registrerte deltakarar.

Marint avfall

Tang, tare og trevirke skal ligga igjen på stranda. Får du tid kan trematerialet samlast saman i haugar, men ikkje slik at det kan flyta ut igjen. Viss du ikkje kan hiva søppelet ditt i ein container, set det langs vegen - eller forsvarleg sikra på stranda, slik at det kan hentast med båt – men hugs å rapportera.

Bokn kommune er også glade for å ha Friluftsrådet Vest og RagnSells med på laget i samband med Strandryddedagen 2023.